Carl Wilhelm Wilhelmson (12. november 186624. september 1928) var ein svensk målar, fødd i bygda Fiskbäckskil i Lysekils kommun. Han er blitt kalla «sekelskiftests främste folklivsskildrare».[1]

Carl Wilhelmson

Statsborgarskap Sverige
Fødd 12. november 1866
Fiskebäckskil
Død

24. september 1928 (61 år)
Göteborg

Yrke kunstmålar, universitetslærar, fotograf
Språk svensk
Medlem av Det kongelege svenske kunstakademiet
Ektefelle Berta Wilhelmson
Carl Wilhelmson på Commons

Liv og gjerning endre

 
Viken, 1901
 
Kyrkfolk i båt, 1909

14 år gammal byrja Wilhelmson gå i lære i Göteborg, der han arbeidde som litograf. Seinare heldt han fram med studiar ved Valands konstkola i byen, der han vart undervist av mellom andre Carl Larsson og Bruno Liljefors.

Etter utanlandsstudiar 1890-97 i Spania, Leipzig og Paris, også der var han aktiv litograf, fekk Wilhelmson i 1897 stilling som styrar for sin gamle skule, som sidan fekk namnet Göteborgs Musei Rit- och Målarskola. Gjennom sine år i utlandet vart han særleg inspirert av dei franske målarane Paul Gauguin og Georges Seurat.

Han vart verande ved kunstskulen i Göteborg til våren 1910. Deretter leidde han ein målarskule i Stockholm. År 1925 fekk han stilling som professor i måleri vid Kungliga konsthögskolan i Stockholm. Harald Lindberg var ein av elevane hans.

Wilhelmson henta ein stor del av motiva sine frå kystlandskapet i Bohuslän. I mange av bileta sine skildra han dei strevsame og nøysame menneska og fiskarmiljøet med alvor og vørdnad. Åra 1911-13 fekk han bygt eit sommarhus i Fiskebäckskil, teikna av Ivar Callmander, som fungerte som bustad og atelier.

Wilhelmson døydde i Göteborg, nærare 62 år gammal.

Notar endre

  1. Den svenska målarkonstens historia:213

Kjelder endre

  • Den svenska målarkonstens historia. 2001

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carl Wilhelmson