Carol Corbu (fødd 8. februar 1946) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Argeş fylke i Romania. Han vann bronsen i tresteghopp ved europameisterskapen 1971 og sølvmedaljen i øvinga i 1974. Elles sikra han seg perioden 1970-76 fem medaljar i tresteghopp i hall-EM.

Carol Corbu


Statsborgarskap Romania
Fødd 8. februar 1946 (78 år)
Văleni-Podgoria
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Corbu vann i 1969 den fyrste av åtte rumenske meistertitlar i tresteghopp, i 1975 sigra han også i lengdehopp. Ved europameisterskapen 1969 i Aten hoppa Corbu i god medvind 16,56 m og vart fjerdemann bakom Viktor Sanejev frå Sovjetunionen, Zoltan Cziffra frå Ungarn og Klaus Neumann frå Aust-Tyskland. I 1970 sette Corbu personbeste med 16,76 m, noko som gav han fjerdeplassen på verdstatistikken det året.

Ved hall-EM 1971 i Sofia hoppa både Viktor Sanejev og Carol Corbu 16,83 m. Sigeren gjekk til Sanejev då hans nestbeste hopp var klart betre enn Corbus. 13. juni 1971 presterte Corbu sitt livs lengste tresteghopp då han landa på 17,12 meter ved eit stemne i Torino, tredje lengst i verda den sesongen. Nummer tre vart han også i europameisterskapen 1971 i Helsinki, der austtyske Jörg Drehmel vart meister føre Sanejev.

Våren 1972 kom Corbu på ny på andreplass i hall-EM i Grenoble, med 16,89 m hamna han åtte centimeter bak Sanejev. Under Sommar-OL 1972 i München forsvarte Sanejev OL-gullet frå 1968, medan Drehmel og brasilianaren Nelson Prudencio tok dei andre medaljane og viste Corbu med sine 16,85 m til fjerdeplass. Ved hall-EM 1973 i Rotterdam hoppa Corbu 16,80 m og vann tevlinga, fem cm framom Michał Joachimowski frå Polen.

Trass moderate 16,68 meter fekk Corbu sølvmedaljen i trestegtevlinga då europameisterskapen 1974 vart avvikla i Roma, Viktor Sanejev var i ei heilt eiga klasse med eit bestehopp på 17,23 m. Ved hall-EM 1976 i München fekk Corbu notert 16,75 m som best, atter vart han nummer to bak ein suveren Viktor Sanejev. Under dei olympiske leikane i Montreal vann Sanejev sitt tredje strake OL-gull, Corbu enda der opp på åttandeplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre