Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Casablanca (fleirtyding).

Casablanca (spansk for 'kvitt hus', arabisk الدارالبيضاء, Dar al-Baida) er ein by ved middelhavskysten av Marokko. Han er den største byen i landet, og ligg rundt 10 mil sørvest for hovudstaden Rabat.

Casablanca (الدار البيضاء)
by
Casablanca - Morocco 008.jpg
Land Flag of Morocco.svg Marokko
Region Grand Casablanca
Fylke Casablanca
Koordinatar 33°32′N 7°35′W
Folketal 3 357 173 (1. september 2014[1])
Casablanca Morocco-WFB-cs.jpg
Wikimedia Commons: Casablanca
Nettstad: http://www.casablanca.ma
Satellitfoto.

Sentrale Casablanca hadde rundt 3,4 millionar innbyggjarar ved folketeljinga i 2014, medan storbyområdet (den administrative regionen Grand Casablanca) hadde rundt 4,3 millionar innbyggjarar. Casablanca er eit økonomisk og kommunikasjonssenter i Marokko. Mange verksemder har hovudkontor her, og byen er det viktigaste industriområdet i landet. Hamna i Casablanca er ei av dei største kunstige hamnene i verda, og den største hamna i Nord-Afrika. Ho er også heimehamn for den kongelege marokkanske flåten.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Casablanca