Caspar Wolf (3. mai 17356. oktober 1783) var ein sveitsisk kunstmålar, best kjend for sine dramatiske måleri av Alpane. Han var sterkt påverka av Albrecht von Haller sitt dikt om Alpane, og av Sturm und Drang-rørsla. Wolf vert rekna som den fremste av dei førromantiske målarane i Sveits, og ein banebrytar for høgfjellsbilete.

Caspar Wolf

Statsborgarskap Sveits
Fødd 3. mai 1735
Muri i Aargau
Død

6. oktober 1783 (48 år)
Heidelberg

Yrke kunstmålar, landskapsmålar
Sjanger landskapsmåleri
Caspar Wolf på Commons
'Grindelwald-Fieschergletscher', 1774-77
'Bre i Berner Oberland'

Liv endre

Wolf var fødd i Muri i Aargau. Faren var ein møbelsnikkar som hadde vorte bortvist frå byen sin. Wolf gjekk i lære i Konstanz, mellom 1753 og -59 arbeidde han som dekormålar i Augsburg, München og Passau. Då han ikkje fekk selt verka sine, vende han vonbroten tilbake til heimbyen.

På 1760-talet handteikna han tapeten i første etasjen av slottet Horben. I 1768 var Wolf aktiv i Basel. Frå 1769 til -71 heldt han til i Paris der han arbeidde med Philip James de Loutherbourg. Etter ei tid i Muri, flytta han i 1774 til Bern. Wolf inngjekk ein avtale med den lokale forleggaren Abraham Wagner om å levere 200 måleri. Saman med den geologisk interesserte Wagner og/eller presten Jakob Samuel Wyttenbach reiste han i kring i Berner Oberland og kantonen Valais. Åra 1777-79 arbeidde han i Solothurn, deretter 1780-81 i Spa, Aachen, Köln og Düsseldorf.

Wolf døydde fattig på eit hospital i Heidelberg. Sonen Theodor Wolf var ein stillebenmålar.

 
Grindelwald, 1774

Kjelder endre