Catharinus Elling
Catharinus Elling (13. september 1858–8. januar 1942) var ein norsk musikkpedagog og folkemusikksamlar og komponist.
Catharinus Elling | |
![]() | |
Fødd | 13. september 1858 |
---|---|
Fødestad | Christiania |
Død | 8. januar 1942 (83 år) |
Dødsstad | Christiania |
Opphav | Noreg |
Sjanger | opera, symfoni |
Instrument | pipeorgel |
Verka som | komponist, musikkforskar, musikkpedagog, musikkritikar |
Elling var fødd i Oslo, der han òg døydde. Han studerte pianospel og komposisjon i Leipzig 1877–1878 og i Berlin 1886–1887. Frå 1896 til 1908 var han lærar ved Oslo musikkonservatorium. Han skreiv blant anna symfoniar, ein fiolinkonsert, kammermusikk og ein opera. Mange musikarar som seinare skulle bli framtredande i norsk musikkliv, til dømes Fartein Valen, byrja å studera under Elling.
Elling gav og ut mange artiklar om norsk folkemusikk, og var ein av dei første som gjekk aktivt inn for å skrive ned folketonar i Noreg. Elling sitt grunnarbeid er verdifullt, sjølv om han ikkje støtt tok omsyn til dei tonale avvika frå det klassiske som fanst i folkemusikken.
Han var bror av ingeniøren Ægidius Elling, som fann opp gassturbinen.
Verk Endra
(ikkje fullstendig)
- Symfoni i A-dur (1890)
- Operaen Kosakkerne (1894)
- Oratorium Den forlorne Søn (1896)