Gråkinnskogtrast

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Catharus minimus)
Gråkinnskogtrast
Gråkinnskogtrast Foto: Francesco Veronesi
Gråkinnskogtrast
Foto: Francesco Veronesi
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av gråkinnskogtrast
Utbreiinga av gråkinnskogtrast
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Trastefamilien Turdidae
Slekt: Catharus
Art: Gråkinnskogtrast C. minimus
Vitskapleg namn
Catharus minimus

Gråkinnskogtrast (Catharus minimus) er ein fugl i trastefamilien som hekkar i Nord-Amerika og i austlegaste Sibir. Han er ein langdistansetrekkfugl med overvintring i nordlege Sør-Amerika.

Skildring endre

 
Utbreiing

Gråkinnskogtrast er ein liten trast, ca. 17–18,5 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt på 26–50 gram.[1] Dette er mindre enn minste trastearten i Noreg, raudvengtrast. Eit kjenneteikn for arten og andre i slekta er ei iaugefallande teikning av lengdeband på undervengen i kvitt og mørkt, berre synleg i flukt.[2] Fargene i fjørdrakta på ein fugl som sit er omtrent som ein måltrast, olivenbrun overside, nesten kvit underside med mørke markeringar som blir lysare bakover sidene.

Gråkinnskogtrasten er ein amerikansk trasteart som hekkar i Alaska, austover i eit breitt belte over nordlege Canada til og med Newfoundland, dessutan på vestsida av Beringsundet i austlegast Sibir aust for Kolymaelva. Overvintring skjer i nordlegaste Sør-Amerika aust for Andes. Sørgrensa er nordlegaste Bolivia. Nokon fuglar kan overvintre i delar av Dei store Antillane.[1]

Hekking skjer i skogshabitat på taiga med underskog og på tundra med krattskog. Om vinteren føretrekk dei skogshabitat, helst under 1500 moh.[1]

Føda er mange typar leddyr som maur, biller, bier, årevenger, larver og anna, dessutan blautdyr og noko frukt.[1]

Arten er særs talrik, estimert til ca. 12 millionar individ. Han er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert på Ona i Sandøy kommune, Møre og Romsdal i oktober 2009, ein annan på Utsira i Rogaland i oktober 1973.[4] Det er meir enn 90 andre registreringar i Europa, dei fleste i Storbritannia og med ein topp i oktober månad.

Kjelder endre

  • Collar, N. & Christie, D.A. (2019). Gray-cheeked Thrush (Catharus minimus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. september 2019
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Collar et al in HBW Alive (2019)
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Catharus minimus. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. september 2019
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 12. september 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gråkinnskogtrast