Caymanøyane (engelsk Cayman Islands) er ei øygruppe i Karibia som utgjer eit britisk oversjøisk territorium. Øyane ligg om lag 240 km sør for Cuba og 290 km nordvest for Jamaica. Øygruppa består av øyane Grand Cayman, Cayman Brac og Little Cayman. Hovudstaden er George Town.

Cayman Islands
Våpen
Våpen
Flagg Våpen
Caymanøyane på verdskartet
Caymanøyane på verdskartet
Status Britisk oversjøisk territorium
Guvernør Jane Owen
Hovudstad George Town
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

260 km²

1,6 %

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 65 500[1] (2023)
ca. 252/km²

Verdsdel Sør-Amerika (Karibia)
Internet-domene .ky
Tidssone UTC -5
Internasjonal telefonkode +1-345
Nasjonalsong God Save the King

Første europear på øyane var Christopher Columbus i 1503. Frå 1670 til 1962 var dei ein del av den britiske kolonien Jamaica. Då Jamaica vart sjølvstendig i 1962 vart Caymanøyane skilde ut og gjort til eit britisk oversjøisk territorium. Øyane er no kjende som eit internasjonalt finanssentrum og skatteparadis.

Kjelder endre

  1. «Cayman Islands» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 18. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Caymanøyane
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.