Cecil Lee Brower (28. november 191421. november 1965) var ein amerikansk jazzfiolinist som var med å forme Western swing i 1930-åra. Han var kanskje den største swing-felespelaren, og kunne improvisere og spele dobbel shuffle. Han skapte sin eigen stil som andre etterlikna. Brower spelte i mange Western-band, mellom anna sitt eige, og var ein mykje nytta studiomusikar i Nashville. Han spelte med somme av dei størte artistane i countrymusikken, før han døydde 50 år gammal som medlem av bandet til Jimmy Dean band. Brower er medlem av Texas Music Hall of Fame.

Cecil Brower
Fødd28. november 1914
FødestadBellevue i Texas
Død21. november 1965 (50 år)
DødsstadNew York City
FødenamnCecil Lee Brower
AliasCousin Cecil
OpphavUSA
Aktiv1931–1965
SjangerWestern swing, country, jazz
Instrumentfele, bratsj
Kjende instrumentfele
Tilknytte artistarThe Southern Melody Boys

Milton Brown and His Musical Brownies The Light Crust Doughboys The Kilocycle Cowboys

Jimmy Dean
PlateselskapCumberland, Mercury
Verka sombandleiar, studiomusikar

Biografi endre

Cecil Brower var fødd i Bellevue i Texas i 1914 og flytta til San Pedro i California med familien som gut. Dei flytta attende til Texas i 1924 og slo seg ned i Fort Worth. Faren, Hubert, insisterte på at han skulle lære seg eit instrument, og fekk fiolintimar hos Wylbert Brown, som òg lærte opp Kenneth Pitts.[1] Brown sa seinare at det gav Brower ein fordel i forhold til andre «hillbilly»-felespelarar, «som ikkje hadde boge-teknikk».[2] Brower og Pitts spelte i lag i den lokale Junior Harmony Club,[3] og var begge påverka av jazz og storband.[2]

I 1931 danna han og Pitts The Southern Melody Boys med Bob Wren og Burke Reeder, som vart det første string-bandet som brukte improviserte soloar, inspirert av jazzfiolinisten Joe Venuti, som var eit stort idol for Brower.[4] Han var den første som meistra dobbel shuffle, ein bogeteknikk som Venuti fann opp seint i 1920-åra for å skildre ein shuffle-teknikk. Brower brukte dette til stor effekt og gav stilen vidare til andre felespelarar i Texas tidleg i 1930-åra.[5] The Southern Melody Boys spelte populærmusikk og spelte på WBAP-AM og KTAT-AM i Fort Worth.[2]

Brownies og Doughboys endre

Brower tok ein universitetsgrad i musikk ved Texas Christian University og spelte ei kort stund med Dallas Symphony Orchestra,[6] men det store gjennombrotet hans kom då han vart medlem av det første verkelege Western swing-bandet, Milton Brown and His Musical Brownies. I januar 1933 spelte Brower i lag med felespelaren Jesse Ashlock og skapte det første dømet på harmoniserande dobbelfeler.[7] Brower utilika ein fri-swing-stil som vart hjørnesteinen for felespelarar i Western swing-band. Dei doble felene ein ofte kan høyre i musikken til Brownies (som sette standarden for dei neste tiåra i countrymusikken) er felene til Brower og Cliff Bruner, som seinare kom til i bandet.[2] Som sine samtidige, som Light Crust Doughboys, spelte Brownies ei blanding av country, pop og jazz, men med eit kraftig danseelement.

Gruppa hadde ein fast spelejobb på KTAT-AM,[8] men spelte ofte i Waco, der Brower møtte Jeff Knight, ein felespelar som han vart god ven med. Brower gifta seg med dottera til Knight, Sybil, den 23. mars 1937.[9] Då Brown døydde i 1936 byrja Brower å spele fast på WRR-AM i Dallas, der han arbeidde for 14 dollar i veka,[10] og spelte til dans med Roy Newman and His Boys.[11] I oktober 1936 spelte Brower med Bill Boyd and His Cowboy Ramblers i San Antonio; og i juni 1937 med Bob Dunn.[12] Den same veka spelte han den einaste innspelinga si med Bob Wills og The Texas Playboys. Han turnerte så med bandleiaren Ted Fio Rito fram til han kom attende til Texas i 1939, der han vart med i Light Crust Doughboys. Brower, erstatta Buck Buchanan som felespelar i strykarane, men spelte solo ((Buchanan hadde spelt harmoni), og kom òg saman att med Kenneth Pitts. Dei fekk stor suksess og i 1940-åra var dei å høyre på over 170 radiostasjonar sør og sørvest i USA.

Kilocycle Cowboys endre

Etter å ha tent frå 1942–46 i US Coast Guard under og kort tid etter andre verdskrigen, spelte Brower med Hi-Flyers[11] før han danna Cecil Brower's Cowboy Band i Fort Worth i 1947, som flytta til Odessa i 1948 og vart kjende som Cecil Brower and His Kilocycle Cowboys. Med i gruppa var mellom andre Jack Jordan (bass), Buster Ferguson (gitar, vokal), Andy Schroder (steelgitar) og Frank Reneau (piano). Bandet spelte på nattklubben Oasis og spelte på KECK-AM i Odessa.

Frå 1949–51 hadde Brower spelt med Leon McAuliffe, så frå 1951–52 med Al Dexter and His Troopers.[12] Han spelte òg Patsy Montana and Her Pardners, og the Coffee Grinders, etter seinare mellombels namn på the Doughboys.[13]

1950-åra–1960-åra endre

I 1955 spelte Brower fast på ABC-TV-programmet Ozark Jubilee i Springfield i Missouri i fleire år, og i 1960 spelte han med Bob Bohm Trio frå Fort Worth. Han flytta kort tid etter til Nashville og vart ein særs etterspurt studiomusikar.[14] Han spelte mellom andre med Elvis Presley, Patsy Cline (bratsj), Roy Orbison, Marty Robbins, Loretta Lynn og Brenda Lee.[13] I 1963 kalla den tidlegare Doughboy-musikaren John «Knocky» Parker Brower «ein av dei beste jazzfiolinistane... han er no den leiande hillbilly-fiolinisten i Nashville.»[2]

Sommaren 1961 spelte han på NBC-TV-programmet Five Star Jubilee. I 1962 gav «Cousin» Cecil Brower And His Square Dance Fiddlers ut albumet America's Favorite Square Dances (Mercury MGS 27015, òg gjeve ut på Smash SRS 67015 og Cumberland green label 29509); og i 1970 gav Cumberland ut Old Fashion Country Hoedown (Cumberland 29500).

Han vart med i bandet til Jimmy Dean i 1963 og spelte på ABC-TV-programmet The Jimmy Dean Show. Den 21. november 1965 spelte Dean i Carnegie Hall, og under ein fest seinare på velden på Waldorf-Astoria Hotel, døydde brått Brower frå perforert sår,[2] berre ei veke før han fylte 51 år.

Kjelder endre

  1. Malone, Bill C. (2002), Country Music, U.S.A, third edition, University of Texas Press, ISBN 0-292-75262-8 , s. xxi
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Dempsey, John Mark (2002), The Light Crust Doughboys are on the Air: Celebrating Seventy Years of Texas Music, University of North Texas Press, ISBN 1-57441-151-9 .
  3. Malone, Bill C. (2002), Country Music, U.S.A, third edition, University of Texas Press, ISBN 0-292-75262-8 , s. 57
  4. Malone, Bill C. (2002), Country Music, U.S.A, third edition, University of Texas Press, ISBN 0-292-75262-8 , s. 59
  5. «The Origins of The Texas Style of Tradisjonell Old Time Fiddling». Texas Old Time Fiddlers Association. Henta 30. november 2016. 
  6. Malone, Bill C. (2002), Country Music, U.S.A, third edition, University of Texas Press, ISBN 0-292-75262-8 , s. 162
  7. Saffle, Michael (2000), Perspectives on American Music, 1900-1950, Taylor & Francis, ISBN 0-8153-2145-7 .
  8. Erlewine, Michael (1997), All Music Guide to Country, Hal Leonard Corporation, ISBN 0-87930-475-8 .
  9. Malone, Bill C. (2002), Country Music, U.S.A, third edition, University of Texas Press, ISBN 0-292-75262-8 , s. 154
  10. Malone, Bill C. (2002), Country Music, U.S.A, third edition, University of Texas Press, ISBN 0-292-75262-8 .
  11. 11,0 11,1 Coffey, Kevin (2004), The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music, Sourcebooks, Inc., ISBN 0-19-517608-1 .
  12. 12,0 12,1 Ginell, Cary; Brown, Roy Lee (1994), Milton Brown and the Founding of Western Swing, University of Illinois Press, ISBN 0-252-02041-3 .
  13. 13,0 13,1 Torreano, Bradley. «Mini Profiles on Tradisjonell Country Artists and Legends». Talent on Display. Henta 30. november 2016. 
  14. Depsey, John Mark (2002), The Light Crust Doughboys are on the Air: Celebrating Seventy Years of Texas Music, University of North Texas Press, ISBN 1-57441-151-9 .