Cellesyklus

(Omdirigert frå Cellesykel)

Cellesyklusen eller celledelingssyklusen er handlingsløpet frå danninga av ei eukaryot celle og fram til cella eventuelt vert duplisert. Cellesykelen kan på ulike vis delast inn i ulike stadie. Ein enkel inndeling er i eit A-stadie der cella held seg vilkårleg lenge utan spesielle teikn til å skulla dela seg, og eit kortvarig B-stadie der cella irreversibelt førebur og gjennomfører ei celledeling. (Merk at prosessen kan stoppast, sjølv om den ikkje kan snuast!)

Skjematisk framstilling av cellesyklusen. Ytre ring: I = Interfase, M = Mitose; indre ring: M = Mitose, G1 = G1-fase, G2 = G2-fase, S = Syntese; utanfor ringane: G0 = G0-fase.

Ei vanlegare inndeling er i fire ulike hovudfasar: G1, S, G2 og M. Av desse utgjer dei tre første fasane interfasen, medan M-fasen kan delast ytterlegare inn i mitosen og cytokinesen. I tillegg til desse fasane finst G0 og meiosen som variantar av respektive G1-fasen og mitosen.

I tillegg til dei gjevne fasane finst ulike sjekkpunkt der cella undersøker om den er klar for å trå inn i den neste fasen. Av desse sjekkpunkta er G1-sjekkpunktet, G2-sjekkpunktet og metafase-sjekkpunktet dei viktigaste.

Cellesykelen vert først og fremst regulert av cyklin-avhengige proteinkinaser (CDK-ar). Desse proteinkinasane opererer ved å fosforylera ulike protein som verkar i dei ulike fasane i cellesykelen. CDK-ane vert igjen regulerte av mellom anna cyclin, ekstracellulære signal og ulike katalysatorar og inhibitorar som aktiverer såkalla CDK-cyclin-kompleks.