Cers, òg kalla Narbonnais av dei som bur søraust for Narbonne, er ein særs tørr vind som er kald om vinteren og varm om sommaren. Han kjem frå fuktig atlanterhavsluft som bles over Toulouse-området i Frankrike, og vert forsterka gjennom Lauragais-opninga. Særleg raude solnedgangar og lenticularis-skyer varslar vanlegvis om at ein cers er på veg. Vinden er nært knytt til mistralvinden. Vind frå den motsette retninga i området vert kalla marin

Sjå òg endre

Kjelder endre