Chuburegionen
(Omdirigert frå Chūbu)
Chuburegionen (中部地方 Chūbu-chihō) er ein japansk region som dekkjer den midtre og breiaste delen av Honshu, hovudøya i Japan. Chuburegionen ligg vest for Kanto og aust for Kansairegionen. Han har kyst mot Japan- og Stillehavet. Fleire fjell, som dei japanske Alpanae og nasjonalfjellet Fuji, ligg her. Den største byen er Nagoya.
Chūbu | |||
中部地方 | |||
region | |||
Land | Japan | ||
---|---|---|---|
Areal | 72 572,34 km² | ||
Folketal | 21 715 822 (1. oktober 2010) | ||
Chuburegionen 35°53′00″N 137°57′00″E / 35.883333°N 137.95°E | |||
Kart som viser Chuburegionen.
| |||
Wikimedia Commons: Chūbu region |
Ni prefektur ligg i Chubu: Aichi, Fukui, Gifu, Ishikawa, Nagano, Niigata, Shozuoka, Toyama og Yamanashi.
Chubu blir tidvis også delt inn i tre mindre regionar: Hokuriku i nordvest, Kōshin'etsu i nordaust og Tōkai i sør.
«Chūbu-chihō» tyder 'den sentrale regionen'. Den sentrale flyplassen Chubu Centrair internasjonale lufthamn ligg på ei kunstig øy 35 km sør for Nagoya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chūbu region» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.