Vade-, måse- og alkefuglar

fugleorden
(Omdirigert frå Charadriiformes)
Vade-, måse- og alkefuglar
Svarthalespove Limosa limosa
Svarthalespove
Limosa limosa
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Huxley, 1867

Vade-, måse- og alkefuglar (Charadriiformes) er ein mangfaldig biologisk orden av små til mellomstore fugleartar. Gruppa inneheld meir enn 370 artar og har medlemmer i alle delar av verda. Dei er mest talrike i nærleiken av vatn og et virvellause dyr eller andre smådyr, men somme er pelagiske, andre lever i ørkenar og nokre få finst i tjukke skogen.

Oversyn av familiar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1]

Stylteløpar, Himantopus himantopus
Raudflikbladhøne, Jacana jacana
Symjesnipe, Phalaropus lobatus
Mjølkebrakksvale, Glareola lactea
17 artar på varmt grasland i Asia, Afrika og Australia, dei er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge. Afrika, Asia og Australia.
Ti artar er spreidd i den tempererte sona verda rundt, føretrekkjer tørre eller halvtørre område. Av desse er arten triel eurasisk og ein tilfeldig vitjar i Noreg.
To artar knytt til Antarktis: antarktisslirenebb på fastlandet og på øyar i subantarktisk del av Sør-Atlanteren, maskeslirenebb er ein subarktisk øyart med leveområde i sørlege del av Indiahavet.
Gulpesnipa lever lengst sør i Sør-Amerika, liknar steinvendar i utsjånad og oppførsel.
Samlar 11 artar langs alle kystar i verda med unntak av tropisk Afrika og Søraust-Asia. Den eurasiske tjeld er vanleg i Noreg.
Ibisnebb er ein art som lever langs elvebredder på høglandet i Asia og i Himalaya.
Familien med ti artar av avosettar og stylteløparar finst spreidd på alle kontinent unntatt Antarktisk. Karakteristisk er lange bein. Stylteløpar er ein sjeldan gjest i Noreg, avosett var tidlegare tilveldig hekkefugl på Jæren.
67 artar av loar og viper lever verda rundt helst nær vatn. Av desse er vipe og sandlo vanlege i Noreg.
Tre artar med habitat i våtmark: rikssnipe i Afrika, India og Søraust-asia, australrikssnipe er ein sjeldan, trua art i Australia, og dvergrikssnipe i Sør-Amerika.
Dei åtte artane er spreidd i temperert sone over heile verda. Dei har lange tær og kan gå på flytande vegetasjon.
Slettevandrar er endemisk for Australia som liknar på vaktel i utsjånad.
Fire artar i to slekter i Sør-Amerika, liknar ryper, vaktlar og sandhøns, men har lengre venger.
Den mest talrike familien på artar i ordenen med over 90 artar spreidd verda rundt.
Krabbeetaren liknar loar, men har lange bein. Leveområdet er rundt Indiahavet, rundt Raudehavet og Persiabukta sør til og med Madagaskar.
9 artar ørkenløparar og 8 artar brakksvaler i tempererte område av Europa,
  • Måsar Ca. 50 artar spreidd verda rundt. Ni hekkefuglar i Noreg inklusive Svalbard, i tillegg er ca. 6–7 gjesteartar.
  • Terner og noddyar, 47 artar over heile verda, jaktar med stupdukk.
  • Saksenebb, tre artar i Afrika, Sør-Asia og Amerika som fiskar flygande med undernebbet i vassflata.
Sju artar i arktiske og antarktiske strøk, fire av dei finst i Noreg eller ved kysten: storjo, polarjo, tjuvjo og fjelljo. Dei andre artane er kaneljo, sørjo, og sørhavsjo, alle tre hekkar på den sørlege halvkule. Dei er gode flygarar, og har ofte fleire fargevariantar, morfar.
24 artar av særs gode symjarar og dukkarar, lever i kjølige nordlege farvatn. Seks artar i Noreg.

Kjelder endre

  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Buttonquail,..». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.