Charles Gounod

fransk komponist

Charles-François Gounod (17. juni 181818. oktober 1893) var ein fransk komponist frå romantikken. Han er best kjend for sin «Ave Maria» og operaene Faust og Roméo et Juliette.

Charles Gounod

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. juni 1818
Paris
Død

18. oktober 1893 (75 år)
Saint-Cloud

Yrke klassisk komponist, musikkforskar, musikkpedagog, organist, komponist
Språk fransk
Medlem av Académie des beaux-arts
Far François-Louis Gounod
Ektefelle Anna Zimmerman
Charles Gounod på Commons

Biografi endre

Gounod vart fødd i Paris, mora var pianist og faren teknisk teiknar. Mora var hans første pianolærar, og det var for henne at han først synte fram sitt musikalske talent. Han byrja på Paris Conservatoire der han studerte under Fromental Halévy.

Han vann Prix de Rome i 1839 for kantaten Ferdinand.

Gounod reiste sidan til Italia for å studere musikken til Palestrina. Han fokuserte på den religiøse musikken frå det 16. århundret.

Gounod vende til slutt tilbake til Paris og komponerte Messe Solennelle, òg kjend som Saint Cecilia Mass. Dette verket vart først framført i London i løpet av 1851, og var starten på karrieren hans som ein viktig komponist.

Han skreiv to symfoniar i 1855. Symfoni nummer 1 i D-dur var inspirasjon for Georges Bizet sin Symfoni nummer 1 i C (Bizet var då 17 år gamal og Gounod sin student), komponert seinare same år. Symfoniane til Gounod blir sjeldan framført. Éi av få innspelingar er ein CD av Sir Neville Mariner med Academy of St. Martin-in-the-Fields for Philips Records.

Gounod skreiv sin første opera, Sapho, i 1851, men hadde ingen stor suksess på dette området før Faust (1859), som var basert på skodespelet til Goethe. Dette er i dag hans best kjende verk. Det romantiske og melodiøse verket Roméo et Juliette (basert på Shakespeare sitt skodespel), som hadde premiere i 1867, blir også framført og innspelt jamleg. Operaen Mireille frå 1864 er mykje omtykt av kjennarar.

Frå 1870 til 1875 budde Gounod i England. Han vart den første dirigenten av det som i dag er Royal Choral Society. Mykje av Gounod frå denne tida er prega av vokal eller kor.

Seinare gjekk Gounod attende til dei tidlege religiøse impulsane, og skreiv mykje religiøs musikk, som til dømes «Ave Maria» basert på det første preludiet frå Das Wohltemperierte Klavier (BWV 846) av J.S. Bach og «Hymnus Pontificius», nasjonalsongen til Vatikanstaten.

Han døydde i 1893 i Saint-Cloud i Frankrike. Då var han i ferd med å gjere ferdig rekviemet Le Grand Requiem, inspirert av bortgangen til sonesonen.

Komposisjonar endre

Operaer endre

Oratorium endre

  • Tobie (ca. 1866)
  • Gallia (1871)
  • Jésus sur le lac de Tibériade (1878)
  • La rédemption (1882)
  • Christus factus est (1883)
  • Mors et Vita (1884)
  • Requiem (1893)

Symfoniar endre

  • Symfoni nummer 1 i D-dur (1855)
  • Symfoni nummer 2 i Eb-dur (1855)
  • Symfoni nummer 3 i B-dur (

Kammermusikk endre

  • Strykekvartett i A-moll
  • Strykekvartett nummer 1 i C-moll "Le petit quatuor"
  • Strykekvartett nummer 2 i A-dur
  • Strykekvartett nummer 3 i F-dur
  • Petite Symphonie for Winds (Symfoni nummer 3 i B-dur)

Instrumental endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Richard K. Fitzgerald (25.juli, 2006). «Gounod sin "Roméo et Juliette" på Wolf Trap». 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Charles Gounod