Charles Le Brun (24. februar 161912. februar 1690) var ein fransk målar og arkitekt under barokken. Han var ein av dei fremste barokk-målarane, særleg kjend for sine utsmykkingar i franske slott.

Charles Le Brun

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. februar 1619
Paris
Død

12. februar 1690 (70 år)
Paris

Yrke kunstmålar, arkitekt, dekoratør, designar, grafikar, grafikar, bygningstegner
Sjanger portrett, portrettmåleri, historiemåleri, religiøst maleri
Medlem av Académie royale de peinture et de sculpture
Charles Le Brun på Commons

Liv og gjerning endre

Le Brun gjekk i lære hos Simon Vouet. Seinare studerte han i Roma, der han særleg vart inspirert av studiekameraten Nicolas Poussin. Etter han kom heim til Frankrike var han med å grunnleggje 'Académie Royale de Peinture et de Sculpture', og vart seinare leiar for institusjonen. Med tida vart Le Brun meir verksam som arkitekt og dekoratør enn som staffeli-målar. Han utsmykka mellom anna slottet 'Vaux-le-Vicomte', og frå 1660-talet Louvre og Versailles-slottet. Apollo-galleriet i Louvre og spegelgalleriet i Versailles er mellom dei aller beste dekor-arbeida hans.

Frå 1662 var han hoffmålar for Ludvig XIV. Året etter vart han sjef den statlege gobelinfabrikken. Verna av finansministeren i Frankrike, Jean-Baptiste Colbert, var han den leiande personen i kunstlivet i Frankrike til langt inn på 1680-talet.

 
Horatius Cocles forsvarar brua, ca 1642-43

Le Bruns elegante og dekorative klassisisme var typisk for landet under Ludvig XIV. Det er ein barokkstil med reine linjer lånt frå klassisismen, pompøs og med glinsande fargar og forgyllingar. Han måla i same akademiske tradisjonen som etterfylgjarane Charles de Lafosse (1636–1716) og seinare Pierre-Jacques Cazes (1676–1754).

Kjelder endre