Opna hovudmenyen
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Charles Augustus Lindbergh (fødd 4. februar 1902 i Detroit i Michigan, død 26. august 1974) var ein amerikansk flygar, kjent for å vera den første som åleine flaug non-stop over Atlanterhavet i 1927. Han skreiv òg to bøker.

Charles Lindbergh
Col Charles Lindbergh.jpg
Fødd 4. februar 1902
Detroit
Død

26. august 1974
Kipahulu, Hawaii

Yrke air force officer, oppfinnar, skribent, sjølvbiograf, dagbokskrivar, jagerflyver, fredsaktivist, flygar, ingeniør
Charles Lindbergh på Commons
Charles Lindbergh ved «Spirit of St. Louis», ca. 1927

Innhaldsliste

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Lindbergh var son av advokat og kongressrepresentant Charles August Lindbergh og soneson av bonden Ola Månsson i Gårdlösa i (Smedstorps sokn i Skåne i Sverige), riksdagsrepresentant for bondestanden i Sverige åra 1847–1857 som emigrerte til USA i 1860.[1]

Lindbergh studerte mekanikk ved University of Wisconsin, og dreiv frå 1922 med flyging. Han tok flygarutdanninga si i 1924 i hæren og vart kaptein i reserven til flyvåpenet og vart postflygar i 1926.

Flyginga over AtlanterhavetEndra

Charles Lindbergh var den første som flaug over Atlanterhavet åleine utan stopp, men han var ikkje den fyrste som flaug over Atlanterhavet. Britane Alcock og Brown flaug over Atlanterhavet i 1919.

 
Den ettertrakta sjekken

Den 20. mai 1927 tok flyet til Lindbergh, «Spirit of St. Louis», av frå Roosevelt flyplass i delstaten New York. Flyet var designa av Donald Hall og spesialtilpassa av Ryan Airlines i San Diego i California. Flyturen tok 33 og ein halv time. Den 21. mai landa han i Paris. Lindbergh vann Orteigprisen på 25 000 dollar. Han vart òg tildelt ein Medal of Honor. I 1967 vart han innlemma i National Aviation Hall of Fame.

KidnappingEndra

Den 1. mars 1932 vart sonen hans, Charles Augustus, som var berre 20 månader gammal bortført. Sonen var oppkalla etter farfaren, kongressmann Charles August Lindbergh. Mora Ann Marrow Lindbergh hadde lagt sonen i senga ca. klokka 20, men då ho seinare skulle sjå til han ca. klokka 22 var barnesenga tom. På utsida av huset stod det ein stige som var reist opp mot vindauget til barnerommet. Det vart funne eit dårleg skrive brev der det var sett fram eit krav om 50 000 dollar i lausepengar. Mot sin vilje laut Lindbergh be gangsterar, mellom andre Al Capone, om hjelp. Til slutt betalte dei lausepengane, men det førte ikkje til noko oppklaring og søket vart trappa opp. Sonen vart funnen død 12. mai, berre få kilometer frå heimen, etter eit ti veker langt landsomfattande søk. Obduksjonsrapporten viste at sonen døydde av fallskadar og at kidnapperen truleg hadde mista han frå toppen av stigen då han vart teken frå rommet sitt. Bruno Hauptmann vart dømt for bortføringen og avretta etter ei rettssak som varte i over eitt år. Det var stor tvil om skuldspørsmålet, men juryen fann han skuldig. Eit av dei avgjerande bevisa var at dei fann lausepengane i bustaden hans dårleg gøymt i nokre tomme oljekanner.

Haldning til TysklandEndra

På invitasjon frå den amerikanske millitærattasjeen vitja Lindbergh og kona Berlin i 1936 for å inspisera det tyske flyvåpenet. Han vitja mellom anna sommar-OL 1936 som gjest av Herman Göring. Göring var øvstkommanderande for Luftwaffe, men framfor alt fabrikkar og flyplassar. Göring gjorde dette til ei stor mediehending og propaganda for Nazi-Tyskland. Dette førte til at populariteten til Lindbergh i USA dalte sterkt.

Dei fylgjande to åra vitja han Tyskland to gonger til, og vart stadig meir imponert av den tyske opprustninga. Han vart overtydd om at inga europeisk makt ville kunna stå imot eit tysk angrep (og at det skulle verta opp til Russland). Difor tok han imot ein tysk medalje, Den tyske fortenesteorden, den tyske ørn, noko som førte til kritikk i USA. Men den amerikanske ambassadøren, Hugh R. Wilson har seinare peikt på at medaljen vart overlevert utan forvarsel, at Lindbergh stappa den rett i lomma og at det ville ha innebore ein diplomatisk katastrofe å ikkje ta imot medaljen, og gjort Lindberghs spionasje mot det tyske flyvåpen vesentleg vanskelegare. Det innebar likevel slutten for Lindberghs planar om ein karriere innan politikken.

Han byrja å propagandera for at USA skulle halda seg utanfor den kommande konflikten, noko som fekk blanda mottak i USA, der isolasjonistar hadde ein konflikt med dei som uroa seg for nyhende om forfølgingar av jødar. Dette førte til at helteglorien hans bleikna.

I 1938 byrja Lindbergh-paret å leggja planar for å busetja seg i Berlin. Straks etter at Lindbergh hadde teke imot medaljen fann Krystallnatta stad, forfølgingane auka markant og omkring 20-30 000 personar vart send til konsentrasjonsleirar. Detta fekk ekteparet Lindbergh til å gjere om planane.

Attende i USA argumenterte Lindbergh for at USA skulle forhalda seg nøytralt, noko som førte til djup konflikt med president Franklin D. Roosevelt. I 1940 uttalte Roosevelt: «Om eg skulle døy i morgon, så vil eg at de skal vita dette: Eg er absolutt overtydd om at Lindbergh er nazist.».

Lindbergh var likevel ikkje nazist, sjølv om han delte Hitlers fascinasjon for rasehygiene.

Lindbergh vart rekruttert av America First, som motarbeidde ei amerikansk innblanding i andre verdskrig mot Tyskland. Han påtalte vekta av at Storbritannia og Frankrike ikkje skulle gå til krig mot Tyskland som han såg som ein bastion mot Sovjet og kommunismen. Denne innstillinga endra likevel Lindbergh etter Angrepet på Pearl Harbor. Han freista å verva seg igjen (han hadde sagt opp seg frå det amerikanske flyvåpenet to år tidlegare), men på grunn av antijødiske utsegner og koplinga si til Tyskland før krigen vart han likevel sett på som ikkje påliteleg av den amerikanske regjeringa. I stedan byrja han å arbeida med Henry Ford (som òg vart skulda for å vera antijødisk) med å produsera fly. Han vart send til Stillehavet og utførte kring 50 flyoppdrag. Han skaut ned minst eit fly og lærte dessutan pilotane teknikkar for å spara på drivstoffet. Til trass for sin innsats under krigen vart han enno kritisert, ikkje minst for at han hadde propagandert for at USA skulle verta verande uførebudd på krig.

KjelderEndra

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 17, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 247. 

LitteraturEndra

  • Charles Lindbergh: Vi, min flyvemaskin og meg
  • Bill Bryson: En sommer: Amerika 1927

BakgrunnsstoffEndra