Charles Montesquieu
Charles Montesquieu (18. januar 1689–10. februar 1755), eller Charles Louis de Secondat, baron de La Brède et de Montesquieu, var ein fransk aristokrat, filosof, forfattar og statsrettsteoretikar. Han hadde ei djuptgripande interesse for politisk styring, fridom og pluralisme. Han vart ein viktig person i opplysingstida.[1]
Charles Montesquieu | |||
![]() | |||
Fødd | Charles-Louis de Secondat 18. januar 1689 Château de la Brède | ||
---|---|---|---|
Død | 10. februar 1755 Paris | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Frankrike | ||
Yrke | filosof, skribent, romanforfattar, sosiolog, advokat, dommar, Encyclopédistes, historikar, politikar, jurist | ||
Alma mater | College of Juilly Lycée Saint-Louis | ||
Ektefelle | Jeanne de Lartigue | ||
Barn | Jean Baptiste de Secondat | ||
Medlem | Académie française Det prøyssiske vitskapsakademiet Royal Society Académie de Stanislas Club de l'Entresol |
Sentral verk
endreDe l'Esprit des Lois
endreI sitt mest kjente verk De l'Esprit des Lois (Om lovens ånd)[2], analyserte han lovverket som eit sosialt fenomen og utforma maktfordelingsprinsippet. Ein meiner at dette verket har påverka den franske grunnlova[3]. De l'Esprit des Lois hausta mykje kritikk frå religiøse og andre konservative krinsar som var redd for endringar og boka vart innført i Index librorum prohibitorum. Som eit svar på denne kritikken publiserte han Défense de l'Esprit des Lois.[4]
Lettres persanes
endreEit anna av dei mest kjende verka hans er brevromanen Lettres persanes (Persiske brev), der han kritiserer den franske kongen, rettsvesenet, paven og den katolske kyrkja.[5] For å koma unna sensuren til styresmaktene er romanen skriven som ein fiktiv korrespondanse mellom to persarar, Usbek og Rica som vitjar Paris, og venene deira heime i Persia. Han flettar òg inn kritikk av tilhøva i harema til persarane. Boka kom ut i Amsterdam og Köln våren 1721. Det vart seinare utgjeve fleire redigerte versjonar.
Kjelder
endre- ↑ «Montesquieu» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ C. Montesauieu, De l'Esprit des Lois, Barrillot & fils, 1748.
- ↑ É. Carcassonne, Montesquieu et le problème de la constitution française au XVIIIe siècle, bind 1, Presses universitaires de France, 1927.
- ↑ C. Montesauieu, Défense de l'Esprit des Lois, Barrillot & fils, 1750.
- ↑ C. Montesauieu, Lettres persanes, Pierre Brunel, 1721.