Charlotte Brontë

britisk poet og skribent

Charlotte Brontë (21. april 181631. mars 1855) var ein engelsk forfattar, særleg kjend for romanen Jane Eyre. Ho er den eldste av dei tre Brontë-søstrene; Emily var den mellomste og Anne den yngste. Ho var den mest produktive av dei tre. I 1845 gav dei tre søstrene ut ei diktsamling under mannlege pseudonym; Charlottes var «Currer Bell».

Charlotte Brontë

Pseudonym Currer Bell, Lord Charles Wellesley, Captain Tree
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 21. april 1816
Thornton
Død

31. mars 1855 (38 år)
Haworth

Yrke lyrikar, romanforfattar, skribent, guvernante, lærar
Sjanger roman, gotisk roman, dikt, Viktoriansk litteratur
Religion Den anglikanske kirke
Far Patrick Brontë
Mor Maria Branwell
Ektefelle Arthur Bell Nicholls
Signatur
Charlotte Brontë på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Charlotte Brontë vart fødd som det tredje barnet til Patrick og Maria Brontë. Faren hennar var irsk og prest i den engelske kyrkja. Den 20. april 1820 flytta familien til Haworth i Yorkshire, der faren hennar verka som prest fram til han døydde i 1861. I tillegg til dei to søstrene sine Emily og Anne, hadde ho òg ein bror, Branwell. Mor til Charlotte døydde den 19. september 1821, og deretter vart søskena Brontë oppfostra av ein kvinneleg slektning, Elizabeth Branwell, som prøvde å få dei gifta bort, men Charlotte hadde vilje til å klara seg på eiga hand. Som dei andre to søstrene hadde ho litterære ambisjonar.

Forfatterinne endre

I 1846 vart diktsamlinga Poems gitt ut av forfattaren «Currer, Ellis og Acton Bell», det vil seia av Charlotte, Emily og Anne. Ikkje lenge etter sende Charlotte romanen sin The Professor til ulike forlag, men utan framgang. Han vart ikkje gitt ut før i 1857. Ho skreiv Jane Eyre frå august 1846 og fram til 19. august 1847, og boka vart gitt ut 19. oktober 1847 i tre bind under signaturen «Currer Bell». Blant dei andre romanane hennar er Shirley (1849) og Villette (1851).

Brontë fekk fleire ekteskapstilbod og gifta seg til sist den 29. juli 1854 med faren sin kyrkjeadjuktant, A.B. Nicholls. Det var med tungt hjarte ho gjekk til alteret og ho kom ikkje over at ho vart tvinga til å oppgi draumen sin om eit sjølvstendig liv. Ho døydde året etter som følgje av komplikasjonar under ein graviditet.

Den historisk sett mest berømte biografien av Charlotte Brontë er gjort av Elizabeth Gaskell (1810–1865), der The Life of Charlotte Brontë vart eit av hovudverka til biografen. Livet til Charlotte Brontë var minst like særskild som hovudfigurane i romanane hennar. Ho voks opp i isolasjon med søstrene sine på lyngheiane i Yorkshire, og hadde ikkje anna å ta seg til enn skriving og studiar. Ei kort tid forsørgde ho seg som lærarinne. Debuten som forfattar gjorde ho saman med søstrene sine med nokre dikt. Året etter gav ho ut Jane Eyre og dediserte boka til William Thackeray, som ikkje klarte å halda på løyndommen utan å røpa identiteten hennar.

Bibliografi endre

  • Jane Eyre, 1847
  • Shirley, 1849
  • Villette, 1853
  • The Professor (dansk Professoren), 1857

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Charlotte Brontë