Charlotte Dujardin
Charlotte Dujardin (fødd 13. juli 1985) er ein britisk ryttar som vann to gullmedaljar i dressurriding under sommar-OL 2012 i London.
Charlotte Dujardin | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 13. juli 1985 (39 år) London Borough of Enfield |
Idrett | Hestesport |
Tok del i | Hestesport under Sommer-OL 2012 – Dressur, Hestesport under Sommer-OL 2012 – Dressur lag, Hestesport under Sommer-OL 2016 – Dressur, Hestesport under Sommer-OL 2016 – Dressur lag, Hestesport under Sommer-OL 2020 – Dressur, Hestesport under Sommer-OL 2020 – Dressur lag |
Utmerkingar | offiser av Den britiske imperieordenen, kommandør i den britiske imperieorden |
Charlotte Dujardin vann den individuelle konkurransen i dressur under sommar-OL 2012 med hesten «Valegro». Ho sette ny olympisk rekord i delkonkurransen Grand Prix med ein skår på 83,663 prosent og i Grand Prix Special med 83,286 prosent. Ho vann den siste konkurransen Grand Prix kür med 90,089 prosent.
Dujardin var også med på det britiske laget som vann i lagkonkurransen i dressur framfor Tyskland og Nederland. Deltakarane på det britiske laget var Dujardin på «Valegro», Laura Bechtolsheimer på «Minstral Hojris» og Carl Hester på «Uthopia».
OL-medaljar
endre- 2012 London - Gull i hestesport, dressur individuelt Storbritannia
- 2012 London - Gull i hestesport, dressur lag Storbritannia
- 2016 Rio de Janeiro - Gull i hestesport, dressur individuelt Storbritannia
- 2016 Rio de Janeiro - Sølv i hestesport, dressur lag Storbritannia
- 2020 Tokyo - Bronse i hestesport, dressur individuelt Storbritannia
- 2020 Tokyo - Bronse i hestesport, dressur lag Storbritannia
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Charlotte Dujardin» frå Wikipedia på bokmål, den 11. august 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Charlotte Dujardin – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.