Charlottenlund Sportsklubb

Charlottenlund Sportsklubb er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Charlottenlund i Trondheim, stifta 24. mai 1945. Sportsklubben er aktiv med i fotball, handball og innebandy. Laga spelar i grå trøyer og elles raudt.

Fotballaget til Charlottenlund tok seg til 2. runde i NM i fotball 1987, ein cupkamp mot Namsos som enda med tap 1-2. Handballspelarane Christian Berge og Marit R. Jacobsen har begge vore Charlottenlund-spelarar.

Kjelder endre