Chas Chandler

britisk musikkprodusent og gitarist

Bryan James «Chas» Chandler (18. desember 193817. juli 1996) var ein engelsk musikar, plateprodusent og manager for fleire musikarar.

Chas Chandler

Fødd18. desember 1938 i Newcastle-upon-Tyne
FødestadHeaton
Død17. juli 1996 (57 år) (57 år)
DødsstadNewcastle upon Tyne
FødenamnBryan James Chandler
OpphavStorbritannia
Aktiv1957–1996
SjangerR&B, psykedelisk rock
InstrumentBass
Tilknytte artistarThe Animals, The Jimi Hendrix Experience, Soft Machine, Slade
Verka somMusikar, produsent og manager

Han byrja karrieren sin som bassgitarist i ein trio med Alan Price. Etter at vokalist Eric Burdon kom med i gruppa kalla dei seg The Animals og vart eit populært R&B-band. Dei mest kjende basslinjene til Chandler er opningsriffa på hittane «We Gotta Get Out of This Place» og «It's My Life». Chandler var òg korvokalist i gruppa.

Etter at gruppa vart oppløyst seint i 1966, vart Chandler manager for Jimi Hendrix, førte han til England og rekrutterte musikarar som danna The Jimi Hendrix Experience. Han produserte òg dei to første albuma hans, og var personen som introduserte Hendrix for Eric Clapton. Det var gjennom dette møtet at Hendrix fekk spele med Clapton og Cream.[1]

Chandler vart sidan manager og produsent for det engelske rockebandet Slade[2] i 12 år. I denne perioden fekk ande sju førsteplassar på den britiske singellista. I denne perioden kjøpte Chandler IBC Studios som han gav namnet Portland Recording Studios. Han styrte studioet i fire år før han selde det til Don Arden. Chandler styrte òg ei rekkje plateselskap frå studioa, som Barn Records[2] og Six of the Best, og danna eit musikkforlag og produksjonsselskap.[2] I 1977 spelte Chandler i gjen med The Animals under ei kort gjenforeining, og vart igjen med dei i 1983.[2]

Chandler døydde av hjarteproblem i juli 1996, berre dagar etter sin siste konsert.

Kjelder endre

  1. Saunders, William (2010) Jimi Hendrix London Roaring Forties Press ISBN 978-0-9843165-1-9
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Larkin C 'Virgin Encyclopedia of Sixties Music' (Muze UK Ltd, 1997) ISBN 0-7535-0149-X p104