Opna hovudmenyen

Chicagoblues

type bluesmusikk frå Chicago
(Omdirigert frå Chicago-blues)

Chicagoblues eller Chicago blues er ei form for bluesmusikk frå Chicago i Illinois. Chicagoblues er ein elektrisk bluesstil innan urban blues. Urban blues utvikla seg frå klassisk blues etter flukta frå Sørstatane, der afroamerikanarar frå Sørstatane både frivillig og under tvang flytta til industribyane i nord, som Chicago. Muddy Waters var ein av dei som flytta, og som så mange andre flytta han frå Florida for å unngå dei strenge Jim Crow-lovene i sør. Bruce Iglauer, som skipa Alligator Records, sa at «Chicagoblues er musikken frå industribyen, og har ei industrikjensle ved seg.» Bluessongaren og gitaristen Kevin Moore såg endringa i bluesen og sa at «Du må gje det nytt liv, nytt blod, mye perspektiv. Du kan ikkje berre snakke om muldyr og arbeid på elvebardane.»[1] Chicago blues var kraftig påverka av bluesmusikarane frå Mississippi som reiste til Chicago tidleg i 1940-åra. Utviklinga av blues, fram til Chicago blues, følgjer mønsteret frå country blues til by-blues til urban blues. Chicago blues er basert på lyden av elektrisk gitar og munnspel, der munnspelet vert spelt gjennom eit PA-system eller ein gitarforsterkar.

Bluesartistar på Maxwell Street kring 1950.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Urban blues byrja i Chicago og St. Louis, då deltidsmusikarar spelte som gatemusikarar, på festar og andre hendingar i dei svarte miljøa.[2]

Ein utviklingsstad for den tidlege chicagobluesen var utandørsmarknaden i Maxwell Street, ein av dei største utandørsmarknadane i landet. Her kom folk frå det svarte samfunnet for å kjøpe eller selje om lag kva det skulle vere. Det var ein naturleg stad for bluesmusikarane å spele, tene tips og jamme med andre musikarar. Den vanlegaste karrierevegen for ein bluesmusikar var å byrje som gatemusikant og spele på heimefestar før dei kom til bluesklubbane. Dei første bluesklubbane i Chicago var hovudsakleg i dei svarte nabolaga i South Side, og eit par stykke i dei mindre svarte samfunna i West Side. Nyvinngar, kaotiske gater og barar førte til at det vart lagt til trommer i miksen og dette var opphavet til ein ny klubbkultur. Ein av dei mest kjende var Ruby Lee Gatewood's Tavern, som berre vart kalla «The Gates» av bluesmusikarane. I 1930-åra spelte nesten alle store bluesartistar der.[3]

Det som dreiv bluesmusikken ut internasjonalt var marknadsføringa til plateselskap som Paramount Records, RCA Victor og Columbia Records.[4] Gjennom slike plateselskap vart Chicago blues ei kommersiell verksemd. Den nye musikkstilen nådde etter kvart Europa og Storbritannia. I 1960-åra var unge britiske musikarar sterkt påverka av Chicago blues og utvikla britisk blues.

Kjende musikararEndra

KjelderEndra

  1. William H. Frey, «The New Great Migration: Black Americans' Return to the South, 1965–2000», The Brookings Institution, May 2004, s. 1–3, henta 11. juni 2018.
  2. Oakley, Giles (1976). The Devil's Music: A History of the Blues. New York: Taplinger. s. 177. ISBN 0800821890. 
  3. Rowe, Mike (1973). Chicago Blues: The City and the Music. London: Da Capo Press. s. 40–49. ISBN 0-306-80145-0. 
  4. Oakley, Giles (1976). The Devil's Music: A History of the Blues. New York: Taplinger. s. 172. ISBN 0800821890. 
  5. 5,0 5,1 Gilliland, John (1969). «Show 4 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 2]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  6. Kerzner, Barry (2013-06-06). «James Cotton’s «Cotton Mouth Man» Delivers». Chicagoblues.com. Henta 11. juni 2018. 
  7. «Chicago Blues – Artists». AllMusic. Henta 11. juni 2018. 

BakgrunnsstoffEndra