Chilipepar eller berre chili er fruktene frå einskilde variantar av Capsicum-artar som blir brukte som krydder og matvare. Chili kan brukast fersk, tørka, sylta, røykt eller knust til pulver.

Ulike typar chilipepar.

Botanikk endre

Det er variantar av artane Capsicum annuum, C. baccatum, C. chinense, C. frutescens og C. pubescens som blir brukt som chili. Paprika er frå same slekta, som høyrer til søtvierfamilien.

Chiliplantane var opphavleg heimehøyrande i Mellom-Amerika. Fruktene er alltid først grøne. Når dei mognar blir nokre av dei raude, raudgule eller gule.

Kjemi endre

 
Chiliutsal med ei tavle som forklarer scovilleskalaen.

Chilipepar inneheld alkaloidet capsaicin som gjev frukta ein sterk, brennande smak. Det finst mange ulike variantar med varierande styrke, små variantar er ofte dei sterkaste. Poblano er ein mild variant, jalapeño, grøn og raud chili, pimientos og dessutan serrano er middels sterke variantar, habanero (brukt i Tabasco) og cayennepeparen piri piri er sterke variantar, medan bhut jolokia frå India blir rekna for å vere den aller sterkaste.

Styrken på chilipepar blir ofte målt i Scoville-einingar (SHU, Scoville Heat Units); skalaen går frå 0 (mild paprika) til om lag 16 millionar (reint capsaicin). Bhut jolokia er målt til like over 1 million SHU. Eininga er oppkalla etter den amerikanske kjemikaren Wilbur Scoville, som utvikla skalaen i 1912.

Kjelder endre

«chilipepper» i Store norske leksikon, snl.no.