Chimú (også kalla kongeriket Chimú) var ei politisk eining grunnlagt på Chimú-kulturen som eksisterte frå ca. år 850 til 1470. Staten låg på nordkysten av dagens Peru, langs ei kystlinje frå grensa mot Ecuador og ca. 1000 km mot sør med eit senter omtrent der byen Trujillo ligg no. Dette var den største staten i den seinare mellomperiode og vart erobra av Inkariket. Hovudstaden Chanchan står i dag på UNESCO si liste for verdsarv.

Kulturar i sein mellomhorisont

Chimú-staten endre

Dette riket sprang ut av fragmenter frå Moche. Etter ei legende skal herskaren Taycanamo ha kome frå havet på ein balsaflåte og tufta hovudstaden Chanchan i Moche-området. Utviding av territoriet har dels gått føre seg gjennom frivillig assimilasjon, medan Sican vart innlemma gjennom erobringar. Det fanst to sjølvstendige dynasti (dualisme), Taycanamo basert på Chanchan og Naymlap utvikla i Lambayeque-regionen. Chimú vart mektig og var den siste stat som kunne klart å stoppe Inkariket sin ekspansjon i det nordlege Peru. Men inkaene starta erobringa av Chimú ca år 1463 og område blei ein del av Inkariket frå 1470.

Chimú-kulturen endre

Folket i Chimú hadde sitt eige språk som var heilt ulikt quechua. Utanom Moche, var kulturen påverka av dei andre område som vart erobra, så som Sicán, men var og påverka av kulturar utanfor som Cajamarca og Wari. Døme på arkeologiske funn frå Chimú-kulturen er gjenstandar frå utgravingar ved pyramidane i Tucume. Thor Heyerdahl har gjennom funn i utgravingane peika på eksistens av ein maritim verksemd i preinkaperioden.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.