Chipping Norton
Chipping Norton (lokalt kjend som Chippy) er ein by i Oxfordshire i England. Han er den høgastliggande byen i grevskapet, og er mykje vitja av turistar som skal til Cotswolds.
Chipping Norton | ||
---|---|---|
Rådhuset i Chipping Norton | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Oxfordshire | |
Distrikt | West Oxfordshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
5 972 | |
Koordinatar | 51°56′N 1°33′W / 51.933°N 1.550°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | OX7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1608 | |
Nettstad: www.wospweb.com/site/chipping-norton-town-council | ||
Namneleddet «Chipping» tyder 'marknad', og viser til rolla byen hadde som marknadsstad for Evenlode Valley. I mellomalderen var Cotswolds eit av dei rikaste områda i England på grunn av den store ullproduksjonen, og Chipping Norton voks kraftig på grunn av dette. Mange mellomalderbygningar er bevarte i sentrum, mellom bygningar frå 1700-talet og seinare.
Etter den industrielle revolusjonen etablerte William Bliss ein moderne tekstilindustri i Chipping Norton. Fabrikken som han bygde i 1872 er eit viktig landemerke. Verksemda vart nedlagt så seint som i 1980, og bygningen er sidan blitt gjort om til eit luksushotell.
Rollright Stones er eit fornminne rett utanfor byen som består av to sett steinsirklar. Berre Stonehenge og Avebury er rekna som viktigare døme på denne typen fornminne.
Kjende personar knytt til Chipping Norton
endreDen frykta landevegsrøvaren James Hird vart fødd i byen i 1616. Han vart avretta for høgforræderi i 1652.
I nyare tid er Chipping Norton blitt kjend som tilhaldsstad for fleire maktpersonar innan britisk politikk og media, som statsminister David Cameron, avisredaktør Rebekah Brooks, mediepersonlegdommen Jeremy Clarkson og mediekvinna Elisabeth Murdoch (dotter av Rupert Murdoch).[1] Den sosiale omgangen til denne gruppa blei særleg omtalt i samband med telefonhackingskandalen knytt til News International.[2]
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Chipping Norton» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dewar, Caroline (5 March 2012). «Who's who in the Chipping Norton set?». London: The Daily Telegraph. Henta 25 April 2012.; Jennifer Cockerell (27. september 2012). «'Big society' makes it into Brewer's Dictionary». The Independent. Henta 7. oktober 2012.; Tom Watson; Martin Hickman (19 April 2012). Dial M for Murdoch: News Corporation and the Corruption of Britain. Penguin Books. s. 111–. ISBN 978-0-241-96105-6. Henta 6 May 2012.
- ↑ Caroline Dewar (5. mars 2012). «Who's who in the Chipping Norton set». The Daily Telegraph. Henta 6. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Chipping Norton» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Chipping Norton Town Council Arkivert 2014-02-27 ved Wayback Machine.