Elise Jones (fødd 23. august 1997), kjend under scenenamnet Chloe Cherry,[a] er ein amerikansk skodespelar, modell, og tidlegare pornografisk skodespelar. Ho byrja sin pornografiske karriere i 2015 med Hussie Models, og opptredde etterkvart i over 200 filmar. Ho debuterte som skodespelar i den andre sesongen av HBO-tenåringsdramaserien Euphoria (2022–noverande), i rolla som Faye.

Chloe Cherry
Fødd23. august 1997 (26 år)
FødestadLancaster
FødenamnElise Jones
AliasChloe Couture, Chloe Cherry
Aktive år2015–
Verka somskodespelar, pornoskodespelar, nakenmodell

Bakgrunn endre

Cherry blei fødd den 23. august 1997 i Lancaster i Pennsylvania, der ho også blei oppdregen. Ho skildra oppveksten som «veldig konservativ og kjedeleg».[1] På videregåande skule arbeida ho med årboka til skulen, las kunngjeringar om morgonane, og ho var i ein kort periode manager for eit band.[2]

Karriere endre

Ei veke etter Cherry blei 18 år gammal i 2015, flytta ho frå Lancaster til Miami for å bli ein pornografisk skodespelar, og brukte scenenamnet Chloe Couture.[3] Ho fekk kort tid etter kontrakt med det pornografiske modellbyrået Hussie Models, der ho blei representert av Riley Reynolds, før ho flytta til Los Angeles og fekk kontrakt med Spiegler Girls. Ho endra scenenamnet i 2017 frå Chloe Couture til Chloe Cherry på grunn av forveksling mellom ho og ei anna Chloe Couture.[4] Ho hadde spelt hovudroller i over 200 pornografiske filmar i 2019 og blitt populær på Pornhub,[5] der filmane hennar fekk over 125 millionar visningar.[6] Tidleg under COVID-19-pandemien byrja ho å bruke primært OnlyFans til å selje pornografisk innhald.[7]

Cherry debuterte som skodespelar i 2022 i den andre sesongen av HBO-tenåringsdramaserien Euphoria, som birolla Faye, ein rusmiddelavhengig prostituert. Før ho dukka opp i serien (men etter ho blei rollebesatt), laga Cherry ein pornografisk parodi på Euphoria, der ho spela Jules, med ein annan pornografisk skodespelar, Jenna Foxx.[8][1] ShowrunnerEuphoria, Sam Levinson, sende Cherry ein e-post og bad ho om å prøvespele rolla som Ami, ein kvinneleg strippar med rusmiddelavhengighet, etter å ha blitt ein fan av ho på Instagram på grunn av hennar sans for humor. Etter to digitale auditionar gjekk Cherry i person på audition for Levinson i Los Angeles, og fekk rollen som Faye i staden. Cherry blei omtala som ei av «breakout-stjernene» i serien av kritikarane.[8][9] Ho slutta med pornografi kort etter for å i staden satse på film- og fjernsynsskodespel på heiltid.[10]

Cherry signerte ein kontrakt med det britiske modellbyrået Anti-Agency London i januar 2022.[3] Ho debuterte på catwalken i februar 2022, og gjekk for LaQuan Smith under New York Fashion Week.[11]

Merknadar endre

  1. Ho brukte scenenamnet Chloe Couture då ho byrja karrieren sin i 2015; for å unngå forvekslingsfare mellom ho og ei anna Chloe Couture blei namnet endra til Chloe Cherry i 2017.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Chloe Cherry Is "Euphoria"’s Sweetest New It-Girl». Interview Magazine (på engelsk). 24. januar 2022. Henta 23. februar 2022. 
  2. Wu, Ashley Shannon (20. februar 2022). «Chloe Cherry Was Not Cast in Euphoria Because of Her Porn Parody». Vulture (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 Turner, Gustavo (18. februar 2022). «The Faye Supremacy: How Chloe Cherry Became the It Girl of HBO's 'Euphoria'». XBIZ (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  4. XBIZ (21. mars 2017). «Chloe Couture Rebrands as Chloe Cherry». XBIZ (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  5. Wickes, Jade (1. februar 2022). «An interview with Chloe Cherry on her breakout role in Euphoria». The Face (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  6. France, Lisa Respers (10. mars 2022). «Chloe Cherry says being a porn star cost her friends». CNN (på engelsk). Henta 17. mars 2022. 
  7. Stern, Marlow (30. januar 2022). «The Porn Star Stealing Scenes on ‘Euphoria’». The Daily Beast (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  8. 8,0 8,1 Valentine, Claire. «How Chloe Cherry Went From Porn Star To 'Euphoria' Scene-Stealer». Nylon (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  9. Fong, Gigi (2. februar 2022). «5 Things To Know About Chloe Cherry, Faye in 'Euphoria' Season 2». Hypebae (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 
  10. Hawgood, Alex (8. oktober 2022). «How Chloe Cherry Got Cast in ‘Euphoria’». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 13. mars 2023. 
  11. Roby, India (15. februar 2022). «Julia Fox & Chloe Cherry Walked LaQuan Smith's Fall 2022 Show». Nylon (på engelsk). Henta 23. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff endre