Chloroceryle

fugleslekt


Chloroceryle
Chlorocerylehann
Chlorocerylehann
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Underorden: Alcedines
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Underfamilie: Cerylinae
Slekt: Chloroceryle
Kaup, 1848

Chloroceryle er ei slekt av isfuglar som lever innanfor alle land i Mellom-Amerika og store delar av Sør-Amerika aust for Andesfjella. Alle fire artar er klassifiserte som livskraftige, LC, av IUCN.

Skildring endre

Dette er isfuglar med den typiske isfuglforma, kort hale og langt kraftig rettpeikande nebb. Alle har fjørdrakt med iriserande grøn overside og mørk grønt hovud, strupe og ring mot nakken i kvitt eller oransje, og varierande grad av av raudbrun og kvit underside avhengig av art og kjønn.[1]

Beiteteknikken er typisk for familien, dei sit på ei grein og stupdukkar direkte eller etter eit kort svev. Den litle bronseisfuglen kan snappe insekt i flukt. Den primære føda er fisk, men dei tar også krepsdyr og andre vassdyr.

Chloroceryle-isfuglane hekkar ved elvebreidder i skog eller mangrovar, og grev ein lang horisontal tunell i vertikale jordskrentar fram til reirplassen.

Alle fire artar har overlappande utbreiingsområde, og kan fiske i same vatn; likevel er vektforholdet mellom aenea, americana, inda, amazona nesten nøyaktig 1: 2: 4: 8, noko som motverkar direkte konkurranse om føda. Ringisfugl, Megaceryle torquata, ein fjernare nærskyld, finst òg på ved dei same elvene, men er dobbelt så tung som den største Chloroceryle, amazonisfugl.

Fugleslekta Chloroceryle samlar fire av dei seks artane av isfuglar på det amerikanske kontinentet. Dei to andre artane er ringisfugl, frå Mexico til Eldlandet, og belteisfugl i Nord-Amerika med overvintring i Mellom-Amerika og nordlegaste Sør-Amerika. Begge dei to er medlem i slekta Megaceryle. Totalt er det ca. 117 artar i isfuglfamilien.

Artsliste endre

Slekt Chloroceryle
  • Amazonisfugl, Chloroceryle amazona, Amazon Kingfisher, Latham, 1790, (LC)
30 centimeter i kroppslengd. Hannar har eit breitt oransje brystband, hofuglen har grønt mot sidene, med eit kvitt sentralt felt i brystet.
Frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika til nordvestlege Colombia; det meste av Sør-Amerika aust for Andes sør til og med Uruguay.
  • Bronseisfugl, Chloroceryle aenea, American Pygmy Kingfisher, Pallas, 1764, (LC)
13 cm, djup oransje bryst og flankar, kvit buk, hofuglar smalt grønt brystband
Frå sørlege Mexico sørover langs stillehavskysten til nordvestlege Ecuador. Over nordlege Colombia til Amazonasbassenget og sør til Paraguay og São Paulo. Trinidad.
  • Grønisfugl, Chloroceryle americana, Green Kingfisher, Gmelin, 1788, (LC)
30 cm, hannar breitt, oransje brystband, hoer har mørkt grønt i brystet.
Frå Texas og Arizona til sentrale Argentina. Trinidad og Tobago.
  • Olivenisfugl, Chloroceryle inda, Green-and-rufous Kingfisher, Linné, 1766, (LC)
24 cm, djup oransje underside. Hofuglen har eit brystband med fjører i grønt og kvitt.
Frå Nicaragua sørover langs stillehavskysten til nordvestlege Ecuador, Amazonasbassenget og Venezuela, atlanterhavskysten av sørlege Brasil.

Kjelder endre

Referansar
  1. Winkler, D. W., S. M. Billerman, and I.J. Lovette (2020). Kingfishers (Alcedinidae), version 1.0. In Birds of the World (red: S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.alcedi1.01

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chloroceryle