Chris André Jespersen (fødd 18. oktober 1983) er ein norsk langrennar frå Skånevik i Hordaland som vart nummer to i Tour de Ski 2013/14. Han var medlem av idrettslaget Korlevoll-Odda til 2007, dei neste fem sesongane representerte han Byåsen Idrettslag. Frå 2012 er han atter medlem i Korlevoll-Odda.

Chris Jespersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. oktober 1983 (40 år)
Etne kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2014, Ski-VM 2015

Aktiv endre

Jespersen vart juniorverdsmeister på 30 km friteknikk i 2003, framom russarane Aleksej Petukhov og Jevgenij Dementjev. Som senior trong han mange år før han kunne ta opp kampen om dei beste plasseringane. Den 24. februar 2008 gjekk han ein etappe på det norske andrelaget som vann verdscupstafetten i Falun framom det norske fyrstelaget. Under NM på ski 2008 deltok han på Byåsen sitt vinnarlag på 3x10 km stafett.

I 2011 tok Jespersen sølvmedaljen på 50 km under NM i Tromsø, hans einaste individuelle medalje. Den 14. desember 2013 oppnådde han si beste plassering i eit enkelt verdscuprenn då han kom på andreplass i 30 km friteknikk i Davos. Tre veker seinare imponerte han med å verte nummer to i Tour de Ski 2013/14, slått einast av landsmannen Martin Sundby. I Vinter-OL 2014 i Sotsji vart Jespersen nummer seks og beste nordmann på 15 kilometer.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre