Chris Parker
Chris Parker er ein USA-amerikansk jazztrommeslagar.
Chris Parker | |||
Fødd | 20. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Chris Parker | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1970-åra | ||
Sjanger | Jazz, rock, blues | ||
Instrument | trommer | ||
Verka som | Musikar |
Faren, Robert Andrew Parker, var òg ein jazztrommeslagar og introduserte ein ung Parker for musikken til Thelonious Monk, Miles Davis, Leadbelly, Ray Charles, Woody Herman, Count Basie, Lionel Hampton, Bix Beiderbecke, Louis Armstrong og Duke Ellington.
Han vart medlem av bandet Holy Moses då han flytta til Woodstock i New York. Bandet spelte berre inn eitt album, men Parker vart verande i Woodstock der han òg arbeidde med musikarar som Paul Butterfield sitt Better Days, Bonnie Raitt, Tim Hardin, Rick Danko, Mike Bloomfield og Merl Saunders.[1]
Seinare spelte han i eit band kalla Encyclopedia of Soul, som seinare vart Stuff, og han var med å starte opp Brecker Brothers, eit band som bestod av Michael og Randy Brecker, Buzzy Feiten, David Sanborn, Don Grolnick, Steve Khan og Will Lee. Andre artistar han spelte med var mellom andre James Brown, Miles Davis, Aretha Franklin, Ashford & Simpson, Patti Austin, Cher, Michael Bolton, Quincy Jones, Freddie Hubbard og Salt n' Pepa.[1]
I 1986 vart Parker invitert til å spele i bandet til Saturday Night Live og var der i seks år. I 1988 vart han medlem av turnébandet til Bob Dylan.[2]
Diskografi
endreMed Joe Beck
- Beck (Kudu, 1975)
Med Stephen Bishop
- Red Cab to Manhattan (Warner Bros. Records, 1980)
Med Bonnie Raitt
- Give It Up (Warner Bros. Records, 1972)
Med Sinéad O'Connor
- Am I Not Your Girl? (Chrysalis Records, 1992)
Med Cher
- Cher (Geffen, 1987)
Med Candi Staton
- Chance (Warner Bros. Records, 1979)
Med Aretha Franklin
- La Diva (Atlantic Records, 1979)
Med Melanie
- Phonogenic – Not Just Another Pretty Face (Midsong International, 1978)
Med Michael Bolton
- The Hunger (Columbia Records, 1987)
- Soul Provider (Columbia Records, 1989)
Med Robert Palmer
- Double Fun (Island Records, 1978)
Med Phoebe Snow
- Never Letting Go (Sony, 1977)
Med Chaka Khan
- CK (Warner Bros. Records, 1988)
Med Irene Cara
- Anyone Can See (Network Records, 1982)
Med Barry Manilow
- Barry Manilow II (Arista Records, 1974)
Med Donald Fagen
- Kamakiriad (Reprise Records, 1993)
Med Michael Franks
- Passionfruit (Warner Bros. Records, 1983)
- Skin Dive (Warner Bros. Records, 1985)
- The Camera Never Lies (Warner Bros. Records, 1987)
- Abandoned Garden (Warner Bros. Records, 1995)
Med Patricia Kaas
- Dans ma chair (Columbia Records, 1997)
Med Laura Nyro
- Smile (Columbia Records, 1976)
Med Maria Muldaur
- Maria Muldaur (Reprise Records, 1973)
Med Jackie Lomax
- Livin' For Lovin' (Capitol Records, 1976)
Med Don McLean
- Don McLean (United Artists Records, 1972)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chris Parker (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Chris Parker». Drummerworld. Henta 28. september 2020.
- ↑ Smith, G.E. «On touring with Bob Dylan while still working at Saturday Night Live; on working with and getting to know Bob Dylan». American Academy of Television. emmytvlegends.org. Henta 28. september 2020.