Christen Eriksen Berg (20. november 18645. august 1926) var ein telegraffullmektig frå Brevik i Telemark som stortingsperioden 1922-24 representerte ein valkrins beståande av dei åtte kjøpstadene Notodden, Skien, Porsgrunn, Brevik, Kragerø, Risør, Arendal og GrimstadStortinget.

Berg var son til ein telegrafinspektør og utdanna seg i same yrket ved telegrafskulen i Ålesund. Han arbeidde så som telegrafist 1883-87 i Arendal, deretter i Kragerø. I Kragerø fekk han i 1902 stilling som likningsekretær i kommunen. Han engasjerte seg i styringa av byen og hadde plass i bystyret frå 1896 til han døydde i 1926. Åra 1919-20 var han ordførar og 1921 ordførar. Ved stortingsvalet hausten 1921 kom han inn på Tinget som 5. representant for byane i Telemark og Aust-Agder, vald for partiet Venstre. Han var medlem i Justiskomiteen av 1919.

Berg var forlikskommissær i Kragerø frå 1915 til han døydde.

Kjelder endre