Christian C.A. Lange

(Omdirigert frå Christian C. A. Lange)

Christian Christoph Andreas Lange (13. august 181010. mai 1861) var ein norsk historikar.

Christian C.A. Lange

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1810
Bærum kommune
Død

10. mai 1861 (50 år)
Oslo

Yrke historikar, arkivar
Språk dansk
Medlem av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Christian C.A. Lange på Commons

Bakgrunn og utdanning endre

Lange var fødd på Stabekk som son av gardbrukar Balthazar Michael Lange (1782-1812) og Ovidia Margrethe Christine Messel (1787-1883).

Etter artium i 1827 tok han til å studere teologi, og han tok teologisk embetseksamen i 1833. Men alt i studietida hadde han fått stor interesse for språk og historie. I 1834 vart han tilsett som lærar i religion, norsk, geografi og historie ved Søkadettskulen i Stavern. Den sterke interessa for historiske kjelder førte han til København for å studere arnamagnæanske handskrifter, og han publiserte fleire mindre arbeid i Samlinger til Det Norske Folks Sprog og Historie 1834-1837. Han gav ut kopiboka til Hannibal Sehested for året 1645. Han ivra for eit betre bokhandlarsystem og oppretta sjølv bokhandel i Fredriksvern. På slutten av 1830-talet gjorde han fleire studiereiser rundt i Noreg, Danmark og i Tyskland, og han arbeidde med å samle stoff om dei norske klostra. I 1843 fekk han stipend for dette arbeidet.

Virke endre

I 1845 vart Lange utnemnd til riksarkivar. Det store verket hans om norske klostre gav han ut 1845-1847. Han høyrde til krinsen «den norske historiske skulen» rundt Rudolf Keyser, Carl Unger og P.A. Munch, og såg si rolle i å samle og gje ut historiske kjeldeskrift. Han tok initiativet til Diplomatarium Norvegicum, og hadde ansvaret for dei første fem banda. Han var òg mannen bak Norske Rigs-Registranter 1523-1660, men han døydde like før første bandet kom ut. Som riksarkivar var han oppteken av å ordne og strukturere arkiva. Han laga Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1856.

Han har fått ei gate i Oslo, Langes gate, oppkalla etter seg. Christian Lange fekk 9 born og mange etterkommarar, mellom dei er sonesonen fredsprisvinnaren Christian Lous Lange (1869-1938), og sonen hans, utanriksminister Halvard Lange (1902-1970).

Verk endre

Bakgrunnsstoff endre