Opna hovudmenyen

Christian Gottfried Reinhardt (12. august 179925. september 1870) var ein dansk-norsk hærmann som representerte Nordre Bergenhus på stortinga 1854 og 1857-58.

Christian Gottfried Reinhardt
Fødd 12. august 1799
Død

25. september 1870

Yrke offiser, politikar

Reinhardt var son til ein oberstløytnant og fødd og oppvaksen i Danmark. Han vart offiser i 1818 og forfremja til premierløytnant i 1829. Frå 1839 til 1864 var han kaptein i Bergenske brigade, busett i Lavik i Sogn. Han var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1854, medlem i Militærkomiteen. Valkrinsen syrgde for at han vart attvald og møtte på stortinget 1857 og omframtstortinget 1858. Han var då medlem av Lagtinget både i 1857 og 1858, og elles Militærkomiteen i 1857 og Valkomiteen i 1858.

Reinhardt døydde på «Sven» i Sunnfjord.

KjelderEndra