Christian Hoffmann (fødd 22. desember 1974) er ein austerriksk tidlegare langrennar frå Aigen in Mühlkreis i forbundslandet Oberösterreich. Han vart tildelt gullmedalja på 30 km etter Vinter-OL 2002 i Salt Lake City, og vann VM-gull i 4 x 10 km stafett for arrangørlandet då Ski-VM 1999 vart avvikla i Ramsau.

Christian Hoffmann
Christian Hoffmann 271100a.jpg
Fødd 22. desember 1974
Aigen im Mühlkreis
Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Hoffmann overraska stort så han tok bronsemedalja på femmila under dei olympiske leikane i Nagano i 1998. Året etter vann han over Noregs ankermann Thomas Alsgaard i innspurten på 4 x 10 km stafett, og sikra VM-tittel for seg sjølv, Markus Gandler, Alois Stadlober og Mikhail Botvinov.

Under vinterleikane 2002 i Salt Lake City kom han opphavleg på andreplass på 30 km, men vart nokre månader seinare tildelt OL-gullet då Johann Mühlegg vart frådømd fyrsteplassen. Hoffmann sin landslagskollega Botvinov fekk sølvmedalja i øvinga.

Fristilseksperten Hoffman vann to tevlingar i verdscupen i langrenn, begge vinteren 2003/04. Straks før jul i 2003 sigra han i ein 10-kilometer i Ramsau, og midt i mars 2004 vann han ein 30 km i Pragelato, begge tevlingane gjekk i fristil.

DopingEndra

Det nasjonale antidopingbyrået stengde Hoffmann ute frå idretten 31. desember 2009, grunna systematisk bloddoping i sesongane 2003 til -06. Utestenginga varde til 2012.

KjelderEndra