Christian L. Holm

norsk politikar

Lorentz Christian Langberg Holm (6. mai 189230. mars 1981) var ein norsk skogbruksmann og politikar frå Rakkestad. I tida 1950-65 var han stortingsrepresentant for Hordaland og partiet Høgre.

Christian L. Holm
Stortinget 1954 - L0026 415Fo30141605260007.jpg
Fødd 6. mai 1892
Rakkestad
Død

30. mars 1981

Yrke politikar
Christian L. Holm på Commons

Liv og gjerningEndra

Holm, som var son til ein prest, tok eksamen ved skogbruksforvaltinga på Norges Landbrukshøgskule i 1917. Dei neste tre åra var han styrar i A/S Skogsdrift, deretter gardbrukar i GranHadeland. Han var så forvaltar og skogfut ved Rosendal gods 1927–61. Styremedlem i Vestlandske Skogeigarsamband frå 1939, i Norges Skogeierforbund frå 1946, og medlem av representantskapen i Det norske Skogselskap frå 1952. Formann i Bergen og Hordaland Skogselskap 1940-50.

Holm var medlem av Kvinnherad formannskap 1934–40 og varaordførar 1945–47. Ved stortingsvalet hausten 1949 fekk han fast plass på hordlandsbenken på Stortinget, der han hadde sete i fire periodar. I den fyrste fireårsperioden på Tinget var han med i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, nestformann i komiteen frå sommaren og ut perioden. Dei tre siste stortingsperiodane var han medlem av Landbrukskomiteen. Dessutan var Holm medlem av Valkomiteen i heile si stortingstid.

I 1952 vart Holm utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 1963 til storriddar av Den islandske falkeorden.

Kjelder=Endra