Christian Reif

Christian Reif (fødd 24. oktober 1984) er ein tysk lengdehoppar frå Speyer i Rheinland-Pfalz. Reif, som representerer klubben ABC Ludwigshafen, vart europameister i lengdehopp i 2010.

Christian Reif

Osaka07 D5M Christian Reif.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 24. oktober 1984 (36 år)
Speyer
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Presidentvalget i Tyskland 2012

AktivEndra

Reif gjorde sitt fyrste åttemeters-hopp den 21. juli 2007 under den tyske meisterskapen i Erfurt. Der landa han på 8,08 m og vann meistertittelen, samstundes kvalifiserte han seg til verdsmeisterskapen i Osaka. I Osaka forbetra han sin personlege rekord til 8,19 m i kvalifiseringa, men i VM-finalen enda han på niandeplass etter eit lengstehopp på 7,95 m.

I 2010-sesongen forbetra Reif si eiga bestenotering til 8,22 m i Weinheim, ei veke seinare la han på til 8,27 m i Hengelo. Under EM i friidrett 2010 i Barcelona vann han den 1. august gullmedaljen, med ny personbeste på 8,47 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra