Opna hovudmenyen

Christian Sinding

norsk komponist

Christian August Sinding (11. januar 18563. desember 1941) var ein norsk komponist.

Christian Sinding
Christian Sinding OB.F06421a.jpg
Fødd11. januar 1856
FødestadKongsberg
Død3. desember 1941
DødsstadOslo
FødenamnChristian August Sinding
OpphavNoreg
Sjangeropera, symfoni
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, akademisk musiker, musikkforskar
FarMatthias Wilhelm Sinding
PrisarDen Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

LivEndra

Sinding vart fødd i Kongsberg den 11. januar 1856. Han byrja å studere musikk i Oslo og flytte så til Tyskland, der han studerte under Salomon Jadassohn ved konservatoriet i Leipzig. Han budde i Tyskland det meste av livet sitt, men fekk regelmessig økonomisk stønad frå Noreg. I 1920 og 1921 var han i USA for å undervise i komposisjon ved Eastman School of Music i Rochester i New York.

Han var bror av målaren Otto Sinding og bilethoggaren Stephan Sinding, og er bestefar til Tone Sinding Steinsvik.

I 1941, to månadar før han døydde meldte han seg inn i Nasjonal samling. Han hadde då våre dement i fleire år, så det er uvisst om han var klar over kva NS stod for. Dette førte likevel til at musikken hans i etterkrigstida skjeldan vart framført i Noreg.

VerkEndra

Dei mange lyriske pianostykka og songane hans fekk mange til å sjå på Sinding som Edvard Griegs etterfølgjar. Sinding blir i dag særleg hugsa for eitt av desse stykka, «Vårbrus» («Frühlingsrauschen» på tysk, ofte omsett til «Rustle of Spring» på engelsk) frå 1896. Mellom dei andre verka hans, som sjeldan blir spela i dag, er fire symfoniar, tre fiolinkonsertar, ein pianokonsert, ymse kammermusikk og operaen Det hellige Bjerg frå 1914.

Prisar og utmerkingarEndra

Sinding vart mellom anna utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1899 og mottok storkrossen av same orden i 1938.

KjelderEndra