Christine B. Meyer

norsk økonom

Christine Benedicte Meyer (fødd 22. januar 1964) er ein norsk økonom, leiar og tidlegare politikar for Høgre.

Christine B. Meyer
Christine B. Meyer (174430)-2.jpg
Christine B. Meyer i februar 2017
Foto: Tore Sætre
Fødd 22. januar 1964 (59 år)
Bergen
Yrke politikar, forskar
Christine B. Meyer på Commons

Frå 2011 til 2015 var ho konkurransedirektør; øverste leiar av Konkurransetilsynet, og frå 1. september 2015 leiar av Statistisk sentralbyrå.[1] Ho gjekk frå stillinga den 13. november 2017 etter ein konflikt med Finansdepartementet.[2]

Meyer var statssekretær i regjeringa Bondevik II frå 2001 til 2003. Ho var byråd for finans, konkurranse og omstilling i Bergen kommune frå november 2007 til april 2009. Frå april 2009 til 2011 var ho byråd for helse og inkludering i Bergen kommmune. I 2008 vart ho professor i økonomi ved Norges Handelshøyskole, og har hatt permisjon frå denne stillinga når ho var oppteke med andre stillingar og verv.

KjelderEndra

  1. «Christine Meyer ny SSB-sjef». SSB. 12. juni 2015. Henta 20. februar 2016. 
  2. «SSB-sjef Christine Meyer fratrer sin stilling ved midnatt.». Aftenposten. 12. november 2017. Henta 13. november 2017. 

BakgrunnsstoffEndra