Christoffer Wilhelm Eckersberg

Christoffer Wilhelm Eckersberg, også C.W. Eckersberg (fødd 2. januar 1783 Neder Blåkrog i Sønderjylland, død 22. april 1853 i København),[1] var ein dansk målar og den som la grunnlaget for målarkunsten i den danske gullalderen.[2] Han fekk stor betydning for mange målarar i samtida og i tida etter. Elevane hans høyrde til dei mest framifrå kunstnarane i perioden, mellom anna Christen Købke, Martinus Rørbye, Wilhelm Bendz, Constantin Hansen og Wilhelm Marstrand.

C.W. Eckersberg

C.W. Eckersberg måla av Fritz Petzholdt i 1832
Nasjonalitet dansk
Statsborgarskap Danmark
Fødd 2. januar 1783
Neder Blåkrog i Sønderjylland
Død

22. april 1853 (70 år)
København

Utdanning Det Kongelige Danske Kunstakademi
Yrke kunstmålar, universitetslærar, biletkunstnar
Sjanger landskapsmåleri
Born Erling Eckersberg
Christoffer Wilhelm Eckersberg på Commons
Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk frå 1815.
Olje på lerret
32 × 49,5 cm
Statens Museum for Kunst
Måleri tatt opp i Kulturkanonen.[3]
«Kvinde foran et spejl» frå 1841
Olje på lerret
33,5 × 26 cm
Den Hirschsprungske Samling

Eckersberg studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi frå 1803 og fekk undervisning frå mellom anna Nicolai Abildgaard. Seinare var han på studiereise ute i Europa og var elev hos Jacques-Louis David i Paris i to år. Davids strenge klassisisme kom til å bli avgjerande for Eckersbergs stil.[4]

Etter eit treårig opphald i Roma i 1813-1816 vendte han attende til København for å bli professor ved akademiet, ei stilling han hadde til sin død. Han var direktør i 1827-1829. I løpet av den lange karrieren sin måla han mange portrett, landskap og marinemåleri og ei rekkje historiske og mytologiske motiv.

Referansar endre

  1. Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Weilbachs kunstnerleksikon
  2. Christoffer Wilhelm Eckersberg Arkivert 2008-05-24 ved Wayback Machine. frå Guide til dansk guldalder
  3. «Om «Udsigt gennem ... stokværk» frå Kulturkanonen». Arkivert frå originalen 8. juni 2012. Henta 8. mars 2012. 
  4. Leif Østby: Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Store norske leksikon