Opna hovudmenyen
Chrome Dreams II
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 23. oktober 2007
Innspelt Mai til juli 2007 (utanom «Ordinary People» - 26. juli 1988) på Broken Arrow Ranch
Sjanger Heartland rock, countryrock, americana, hardrock
Lengd 66:19
Selskap Reprise
Produsent Neil Young & Niko Bolas (som «The Volume Dealers»)
Neil Young-kronologi
Live at Massey Hall 1971
(2007)
Chrome Dreams II Sugar Mountain – Live at Canterbury House 1968
(2008)


Chrome Dreams II er det 32. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Albumet kom ut 23. oktober 2007 og er ein oppfølgjar til Chrome Dreams, eit legendarisk Neil Young-album frå 1977, som vart skrinlagt til fordel for American Stars 'N Bars.[11]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
The Guardian3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Observer5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
The Times3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Pitchfork Media(5.6/10)[5]
The Independent2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
NME(7/10)[8]
Spin7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [9]
Uncut4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[10]

Albumet gjekk rett inn på 11. plass på den amerikanske albumlista og selde om lag 54 000 eksemplar første veka.[12] I Noreg gjekk albumet opp til femteplass. I tillegg vart songen «No Hidden Path» nominert til ein Grammy-pris for beste rockesong av ein soloartist.[13]

Innhaldsliste

ProduksjonEndra

Chrome Dreams II vart produsert av The Volume Dealers (Neil Young og Niko Bolas) og musikarane på albumet er Crazy Horse-trommeslagaren Ralph Molina, pedalsteelgitaristen og dobrospelaren Ben Keith (Harvest, Comes A Time, Harvest Moon) og bassisten Rick Rosas (Freedom, Living With War, This Note's for You). The Blue Note Horns er med på eit spor, «Ordinary People» og Young People’s Choir of New York City på «The Way». Det meste av innspelinga vart gjort live med eit par ekstra lydspor i Feelgood's Garage studio nær Redwood City i California.[14]

I følgje Young,

«Det er eit album med ei form basert på nokre av mine originale innspelingar, med særs varierte songar, i staden for berre ein type song. Der Living with War og Everybody's Rockin' var album som fokuserte på eitt tema eller ein stil, er Chrome Dreams II meir som After the Gold Rush eller Freedom, med mange forskjellige typar sonar som i lag dannar ei kjensle. I dag som radio ikkje er like viktig som han ein gong var, er det lettare å gje ut eit album som kryssar over i forskjellig stilar med ei melding som går gjennom det heile, uavhengig av song eller lyd.»

[15]

Dei første tre songane på Chrome Dreams II er datert frå 1980-åra. «Beautiful Bluebird» vart først spelt inn for originalutgåva av Old Ways som vart skrinlagd av Geffen Records; «Boxcar» var ein song på det uutgjevne albumet Times Square, som vart skrinlagd til fordel for det meir kommersielle Freedom og «Ordinary People», som vart spelt inn sommaren 1988 for det som vart Freedom og som vart rekna som ein av dei beste songane Neil Young ikkje hadde gjeve ut. Songen vart ofte spelt på «Sponsored By Nobody»-turneen med The Bluenotes for å marknadsføre This Note's For You. Dette var den første singelen frå albumet og vart sendt til radiostasjonar mandag 10. september. Lengda på songen (like over 18 minutt) gjer at han sjeldan vert spelt på radio.[16]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

# Tittel Lengd
1. «Beautiful Bluebird»   4:27
2. «Boxcar»   2:44
3. «Ordinary People»   18:12
4. «Shining Light»   4:43
5. «The Believer»   2:38
6. «Spirit Road»   6:32
7. «Dirty Old Man»   3:17
8. «Ever After»   3:31
9. «No Hidden Path»   14:31
10. «The Way»   5:14

MedverkandeEndra

  • Neil Young - akustisk og elektrisk gitars, banjo, munnspel, klaver, pumpeorgel, Hammond B-3 orgel, vibrafon, perkusjon, vokal
  • Ben Keith - pedalsteelgitar, lapslidegitar, dobro, elektrisk gitar, Hammond B-3 orgel, vokal
  • Rick Rosas - bass, vokal
  • Ralph Molina - trommer, perkusjon, vokal

Musikarar for «Ordinary People»Endra

  • Neil Young - elektrisk gitar, vokal
  • Joe Canuck - vokal
  • Frank «Pancho» Sampedro - gitar
  • Rick Rosas - bass
  • Chad Cromwell - trommer
  • Ben Keith - altosaksofon
  • Steve Lawrence - tenorsaksofon, keyboard
  • Larry Cragg - barytonsaksofon
  • Claude Cailliet - trombone
  • John Fumo - trompet
  • Tom Bray - trompet (solo)

KorsongararEndra

  • The Wyatt Earps - Ben Keith, Ralph Molina, Neil Young
  • The Jane Wyatts - Nancy Hall, Annie Stocking, Pegi Young
  • The Dirty Old Men - Larry Cragg, Ben Keith, Ralph Molina, Rick Rosas, Neil Young

«The Way»-koretEndra

The Young People’s Choir of New York City

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Stephen Thomas Erlewine (23. oktober 2007). «Chrome Dreams II - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. mars 2019. 
  2. Alexis Petridis. «CD: Neil Young, Chrome Dreams II | Music | The Guardian». Music.guardian.co.uk. Henta 18. mars 2019. 
  3. Tim Adams. «CD: Neil Young, Chrome Dreams II/Bruce Springsteen, Magic | Music | The Guardian». Music.guardian.co.uk. Henta 18. mars 2019. 
  4. «Neil Young: Chrome Dreams II review | CD reviews | Music - Times Online». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 8. juli 2008. Henta 18. mars 2019. 
  5. «Neil Young: Chrome Dreams II | Album Reviews». Pitchfork. 17. oktober 2007. Henta 18. mars 2019. 
  6. «Album: Neil Young - Independent Online Edition > Reviews». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 24. desember 2007. Henta 18. mars 2019. 
  7. Christgau, Robert (1. november 2007). «Neil Young Chrome Dreams II Album Review». Rolling Stone. Henta 18. mars 2019. 
  8. NME, 10/27/2007, s.41
  9. Weiss, Dan (18. januar 2008). «Neil Young, ‘Chrome Dreams II’ (Reprise)». SPIN. Henta 18. mars 2019. 
  10. «Neil Young - Chrome Dreams II - Review - Uncut.co.uk». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 26. juli 2008. Henta 18. mars 2019. 
  11. «Neil Young Times». Neilyoung.com. Arkivert frå originalen 2007-12-01. Henta 18. mars 2019. 
  12. Hasty, Katie (31. oktober 2007). «Underwood Leads Three Country Debuts Onto Chart». Billboard.com. Henta 31. oktober 2010. 
  13. Weiss, Dan (6. februar 2009). «It’s Not Your Parents’ Grammy Awards — Or Is It?». SPIN. Henta 18. mars 2019. 
  14. «Neil Young - Chrome Dreams II. og Live Archives coming up - Ordinary People». Bad News Beat. Henta 31. oktober 2010. 
  15. «New Neil Young Album: «Chrome Dreams II» Set for Release October 16th». Warner Bros. Records. Henta 18. mars 2019. [daud lenkje]
  16. «Ordinary People to Radio». NY Times. Arkivert frå originalen 2007-12-01. Henta 18. mars 2019.