Vakteltrastar
Vakteltrastar er ei gruppe av sporvefuglar avgrensa til Australia og nærliggande område. Etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] tar familien Cinclosomatidae med vakteltrastar som inkluderer slekta Cinclosoma med fem artar av bakkelevande fuglar i Australia og Ny-Guinea og slekta Ptilorrhoa med tre artar i regnskogen i Ny-Guinea.
Vakteltrastar | |
Brunbrystvakteltrast, Cinclosoma castaneothorax Illustrasjon av Henry Constantine Richter, 1848, public domain | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Vakteltrastar Cinclosomatidae Mathews, 1921 |
Skildring
endreVakteltrastar er middels store songfuglar, 17-28 cm i lengd.[2][3] Dei har sterke bein og nebb. Kjønna har ofte ulike teikningar i fjørdrakta. Cinclosoma-artane er i stor grad brune på oversida, farga er varierande for å gje kamuflasje mot jorda, men er meir dristig markert med svart og kvitt på undersida.[3] Ptilorrhoa-artane har vanlegvis omfattande blått i fjørdrakta.[2] Dei fleste artane har høge, særeigne songar.[4]
Cinclosoma-artane finst på Ny-Guinea og dei nærliggande øyane Yapen, Batanta, Misool og Salawati.[2] Dei finst i skog, generelt separert i ulike høgder. Gulaugevakteltrast er òg funnen i skogane på Ny-Guinea.[2] Dei andre vakteltrastane er avgrensa til Australia der dei er funne i tørrare habitat, i open skog, kratt og på steingrunn.[3] Ingen av artane er antatt å vere trua.
Dei er terrestriske fuglar som flyg ganske svakt, og føretrekker å sitje ned eller springe når dei blir forstyrra.[5] Dei beitar på bakken hovudsakleg på insekt og andre virvellause dyr.[4] I ørkenen kan vakteltraster òg ete frø.[5]
Artslista
endreSynet på kva familien femnar om er under endring og skil seg frå ein taksonomisk autoritet til ein annan. Dette reflekterast i sjekklister og publikasjonar. Handbook of the Birds of the World, band 12 frå 2007, tar med vakteltrastar i familien Eupetidae: Eupetes, Cinclosoma, Ptilorrhoa, Androphobus, Psophodes, Melampitta og Ifrita[6]
Seinare forsking viste at riksetrast, Eupetes macrocerus, ikkje er nært knytt til vakteltrastar som ein tidlegare trudde, Eupetidae blei splitta opp,[7] og dei åtte vakteltrastane i Cinclosoma og Ptilorrhoa er etter det familien Cinclosomatidae.
Vakteltrastar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[8] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[9]
Slekt Cinclosoma
- Flekkvakteltrast, Cinclosoma punctatum, Spotted Quail-thrush, Shaw, 1795, (LC)
- Gråsidevakteltrast, Cinclosoma castanotum, Chestnut Quail-thrush, Gould, 1840, (LC)
- Koparvakteltrast, Cinclosoma clarum, Copperback Quail-thrush, Morgan, 1926
- Brunbrystvakteltrast, Cinclosoma castaneothorax, Chestnut-breasted Quail-thrush, Gould, 1849, (LC)
- Raudsidevakteltrast, Cinclosoma marginatum, Western Quail-thrush, Sharpe, 1883, (LC)
- Kanelvakteltrast, Cinclosoma cinnamomeum, Cinnamon Quail-thrush, Gould, 1846, (LC)
- Nullarborvakteltrast, Cinclosoma alisteri, Nullarbor Quail-thrush, Mathews, 1910, (LC)
- Gulaugevakteltrast, Cinclosoma ajax, Painted Quail-thrush, Temminck, 1836, (LC)
Slekt Ptilorrhoa
- Perlevakteltrast, Ptilorrhoa leucosticta, Spotted Jewel-babbler, Sclater, 1874, (LC)
- Safirvakteltrast, Ptilorrhoa caerulescens, Blue Jewel-babbler, Temminck, 1836, (LC)
- Brunryggvakteltrast, Ptilorrhoa castanonota, Chestnut-backed Jewel-babbler, Salvadori, 1876, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Cinclosomatidae» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Coates, Brian J. & William S. Peckover (2001), Birds of New Guinea and the Bismarck Archipelago: a photographic guide, Dove Publications, Alderley, Australia.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Pizzey, Graham & Frank Knight (1997) Field Guide to the Birds of Australia, HarperCollins, London, UK.
- ↑ 4,0 4,1 Perrins, Christopher, ed. (2004) The New Encyclopedia of Birds, Oxford University Press, Oxford.
- ↑ 5,0 5,1 Roberson, Don (2004) Quail-thrushes Cinclosomatidae, Bird Families of the World. Accessed 4 January 2010.
- ↑ Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D., red. (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2.
- ↑ Om splitt av Eupetidae i oppdateringar til Clementslista desember 2009 under overskrifta Pages 513-514, Whipbirds and Quail-thrushes (Eupetidae)
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av vakteltrastar hos Internet Bird Collection