Sirkus

(Omdirigert frå Cirkus)

Sirkus, som i somme samanhengar vert skrive cirkus eller circus, er ei nemning som vert nytta om omreisande truppar som underheld og morar eit betalande publikum ved å syne fram meir eller mindre halsbrekkande, risikable, eller imponerande kunstar på ein sirkelforma framsyningsplass som vert kalla manesje. I denne tydinga har omgrepet sirkus vore nytta sidan slutten av 1700-talet, i Noreg frå siste halvparten av 1800-talet.

Sirkuset slik den franske kunstnaren Georges Seurat (1859-1895) såg det. Målarstykket er no i Musée d'Orsay i Paris.
Frøken Lala i Sirkus Fernado, målarstykke av Edgar Degas frå 1879, no i The National Gallery i London.
Eit moderne sirkus har slege opp teltet og gjort seg klar til framsyning i ein by i Frankrike.
Modell som syner Circus Maximus i Romarrikets Roma til venstre og Colosseum heilt til høgre (Paul Bigot, MRSH Université de Caen, Frankrike).
Ruinane av tribunane i den sørlege svingen i Circus Maximus.

Sirkus, eigenleg skrive circus, er dessutan eit latinsk omgrep som vart nytta i Romarriket om ein type friluftsinnretningar med publikumsplassar på tribunar bygd opp i høgder ikring ei meir eller mindre oval- eller langstrekt sirkelforma køyrebane, ein arena. Her gjekk det føre seg kappkøyring med hest, ludi cirsenses, men òg opptog og dessutan slåstkampar på livet laus av det slaget som i dei tidene vart sett på som særs god folkeforlysting. Det fanst slike circus i dei fleste av dei større byane i Romarriket; i sjølve Roma, mellom Palatin og Aventin, låg det mest vidgjetne av dei alle, circus maximus, som ofte berre vart kalla circus, bygd under Tarquinius Priscus, «Romas femte konge»[1](616-578 før vår tidsrekning (før Kr.f.)).

Den nyare tidas sirkus endre

Sentrale innslag i programmet den nyare tidas sirkus var og er som regel dyr som er dressert til å gjere ymse kunstar saman med artistane, saman med andre dyr eller åleine under kommando av dressøren. Framfor alt vert hestar og ponniar nytta, fint pynta medan dei gjorde kunstane sine, eller artistar gjorde sine kunstar på hestane medan dei sprang ikring i manesjen. Dresserte hundar var òg ofte med i framsyningane, og dessutan framande vill- og tamdyr som til dømes løver, indiske elefantar og kamelar, apar sjøløver og andre dyreslag, i våre dagar ofte til protestar frå mange som meiner det er dyreplageri å nytte dyra til slikt. Dessutan inngjekk og inngår framleis som viktige element i framsyningane folk som gjer kunstar i form av akrobatikk, ikkje minst dristig trapesakrobatikk i stor høgd, sjonglering, linedansing, knivkasting mot eit menneske, som oftast ei vakker kvinne, så nær ho at treffa markerer konturen av ho, og anna sjokkerande, imponerande, eller lystig framferd. Til framsyninga høyrer det difor vanlegvis ein eller fleire klovnar, latterleg utkledde og sminka artistar som har som oppgåve å dumme seg ut i all si ferd. Eit sirkusorkester har som oppgåve ikkje berre å underhalde publikum, men skal òg på musikalsk vis poengtera dei spanande, nervepirrande eller lattervekkande momenta i framsyninga.

I tidlegare tider var det dessutan viktig for sirkusa å ha til framsyning sensasjonar i form av særs småvakse eller storvakse dyr eller menneske, uvanlege krøplingar eller på andre måtar sjeldsynte eller framandarta menneske eller dyr, som òg måtte gjere sine kunstar etter beste evne, oftast til lått.

Vanlegvis går sirkusframsyningane føre seg i store telt som vert teke med frå stad til stad, såkalla sirkustelt, og dyra står òg stalla opp i telt eller i særskilde vogner, som saman med husvognene til artistane og sirkusarbeidarane utgjer ein liten og snøgt flyttbar landsby. Men i mange større byar har det vore, eller er det framleis, faste sirkusbygningar som truppane kunne vitje, som til dømes Cirkusbygningen i det gamle Vika i Oslo i tida frå 1890 til 1930 (rive vinteren 1935-1936), der mange sirkus har hatt framsyningar[2].

Opphavet til nemninga sirkus for denne verksemda endre

Det typiske for sirkuset et at framsyninga går føre seg på ein arena som har form som ein sirkel der publikumsplassane som oftast er organisert i høgder opp mot utkantane på alle sider med unnatak av det eine partiet av arenaen som ligg inn mot eine veggen av sirkusteltet eller salen, der portalen står som artistane og dyra kjem inn og ut gjennom. Truleg er det sjølve den sirkulære arenaen som er opphavet til nemninga sirkus på den forma for sirkus som oppstod på slutten av 1700-talet og har utvikla seg i dei siste hundreåra. Dette sirkuset har opphav i ei gjøglarverksemd med røter i den europeiske mellomalderen, og har ikkje hatt det gamle romerske circus som førebilete. Ikkje hadde det romerske circus det same innhaldet, og det er heller ikkje på andre måtar tale om tradisjonar som stammar frå det romerske circus, anna enn at båe typane refererer seg til det latinske ordet circus, som tyder krins, sirkel-line[3].

Den nye måten å nytte ordet på i samband med underhaldningsforma som ein i våre dagar meiner med omgrepet sirkus, skriv seg visstnok frå England[4]. Her har det latinske ordet circus mellom anna vorte nemninga for ein meir eller mindre sirkulær open plass i ein by, som dei vidgjetne plassane Piccadilly Circus og Oxford Circus i London er døme på, og det er på ein slik bakgrunn at ordet vart nemninga for underhaldningsetablissement av ein viss type. I den engelske byen Bath vart det på midten av 1700-talet bygd ein sirkulær plass omkransa av ei husrekke, kalla The Circus, og herfrå henta i 1780 Charles Hughes namnet The Royal Circus på det sirkusliknande etablissement han stod i brodden for. Etter dette vart nemninga circus teke i bruk ganske kjapt verda over for denne typen kombinerte dyre- og artistframsyningar, som mellom andre Charles Hughes hadde kopiert etter det som ein annan engelskmann, Philip Asteley, hadde utvikla. Fyrste gongen circus vart nytta i Noreg i denne nye tydinga, var i 1860.

Det moderne sirkusets far? endre

Det har vore hevda at det sirkuset som me kjenner i dag, såg sitt ljos i London i 1768 med Philip Asteley som faren, sjølv om han eigenleg ikkje fann opp sirkuset, og heller ikkje kalla verksemda si for circus. Men han skapte likevel det moderne sirkuset ved å setje saman gamal kunnskap og gamle underhaldningsformer på eit nytt vis. Med utgangspunkt i den rideskulen han hadde skipa i 1766 på sin eigne ridebane som han hadde skaffa seg midt i London, der han sjølv skal ha synt at han kunne stå oppreist på ryggen av to galopperande hestar, laga han etter kvart til humoristiske framsyningar med hestar, og med tida drog han inn omreisande gjøglarar og dyretemmarar for at dei kunne syne kunstane sine mellom hestenummera. Han let hestane gå i krins av di dei då gjekk stødigare og det vart lettare å balansere og gjere kunstar på hesteryggen. Tverrmålet på sirkelen var fyrst 36 meter, seinare fann han ut at 13 meters tverrmål var betre for at artistane kunne gjere seg nytte av sentrifugalkrafta som oppstod når hestane sprang i ring. Om lag dette tverrmålet på arenaen vart etter kvart ein standard som har halde seg fram til notida.

I tida frå 1768 til 1773 utvikla Philip Asteley si sirkusform vidare og vart nyskapande ved å setje saman framsyningane som ei samling nummer med hestar, artistar, komikk og musikk, jamvel om det framleis vart å rekne som ein rideskule med framsyningar. Men i 1779 bygde han tak over rideskulen og kalla etablissementet for Asteley's Royal Amphitheatre.

Fotnotar endre

  1. Asgaut Steinnes, Eirik Vandvik, Latinsk ordbok, Oslo 1965: Det Norske Samlaget
  2. Oslo byleksikon 2010, side 128, ISBN 978-82-573-1760-7
  3. Ordet circus tyder krins eller sirkel-line ifølgje Asgaut Steinnes, Eirik Vandvik, Latinsk ordbok (Oslo 1965: Det Norske Samlaget), der det òg vert sagt at ordet circus ikkje berre vert nytta om byggverket circus, men dessutan om Mjølkevegen og i stjernelæra elles.
  4. Opplysningane her og i neste bolken skriv seg frå side 33-34 i boka Sirkus i Norge : Gjøglernes og sirkusenes historie av Herman Berthelsen, Sandnes 2009, ISBN 9788282330145

Bakgrunnsstoff endre