Claudia Nystad

tysk langrennsløpar
(Omdirigert frå Claudia Künzel)

Claudia Künzel, gift Nystad, fødd 1. februar 1978 er ein tysk tidlegare langrennar, fødd i Zschopau i dåverande Aust-Tyskland. Ho vann OL-gull i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2002 og VM-gull i same øvinga året etter. I 2010 vart ho olympisk meister i lagsprint saman med Evi Sachenbacher. Individuelt vann Künzel sølvmedaljen på sprintdistansen ved Ski-VM 2003 og i Vinter-OL 2006. Ho vann sølvmedaljar i 4 x 5 km stafett også under Vinter-OL 2006 og Ski-VM 2007, i den sistnemnde meisterskapen også i lagsprinten. Medaljesankinga avslutta Künzel/Nystad i Vinter-OL 2014, då Tyskland kom på bronseplassen i 4 x 5 km stafett.

Claudia Nystad


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. februar 1978 (46 år)
Zschopau
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – Lagsprint kvinner, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2015

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Ehrenkreuz der Bundeswehr in Gold

Aktiv endre

Künzel deltok i verdscupen i langrenn fyrste gongen i mars 1998. I februar 2001 gjekk ho inn til tredjeplass i ei sprinttevling i Nové Město na Moravě, der einast Julija Tsjepalova og Anita Moen kom i mål før henne.

Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City enda Künzel på fjerdeplass på sprinten. Få dagar seinare gjekk ho tredjeetappen for det tyske laget som overraskande tok gullmedaljen, etter Evi Sachenbacher spurtslo norske Anita Moen. Manuela Henkel og Viola Bauer gjekk dei to fyrste etappane for Tyskland. Dei same fire utøvarane vann også 4 x 5 km stafett under ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Tidlegare i same verdsmeisterskapen sikra Künzel seg sølvmedaljen i sprinttevlinga, bak den nye norske storløparen Marit Bjørgen.

Ved vinterleikane 2006 tok Künzel ein ny sølvmedalje på sprintdistansen, bak Chandra Crawford frå Canada. På stafetten spurta Künzel det tyske mannskapet inn til sølvmedaljar. To sølvmedaljar sanka ho i lag med tyske lagkameratar då Ski-VM 2007 vart avvikla i Japan. Ny sølvmedaljar fekk ho då Tyskland for tredje og fjerde gong i rad vart nummer 2 i ein meisterskapsstafett over 4 x 5 kilometer, høvesvis ved Ski-VM 2009 og Vinter-OL 2010. Under meistermøtet i det nemnde vinter-OL i Vancouver, syrgde ho for OL-gull til seg og Evi Sachenbacher då ho slo svenske Anna Haag med seks tidels sekund i innspurten på lagsprinten.

Etter fire medaljelause år, enda Künzel og Tyskland opp med bronse på 4 x 5 km stafett i Sotsji-OL 2014.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre