Cleng Peerson (17. mai 178316. desember 1865) var ein norskamerikansk utvandringspioner.

Cleng Peerson

Sjølvportrett av Cleng Peerson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1783
Død

16. desember 1865 (82 år)

Yrke regular priest

Cleng Peerson var fødd og oppvaksen på den einbølte garden Hesthammar i Tysvær.[1] I 1821 reiste han til USA på oppdrag frå ei gruppe kvekarar i Stavanger for å undersøka mogleiken for å slå seg ned der. Peerson og sambygdingen Knut Olson Eide brukte tre år på granskinga. Han fann ein passande stad nær Ontariosjøen i staten New York, og i 1825 la seglbåten «Restauration» ut frå Stavanger med 52 utvandrarar om bord.

Den første gruppa slo seg ned nær Kendall i Orleans County. Seinare etablerte Peerson fleire nye busettingar stadig lenger vest: i 1834 ved Fox River i La Salle County i Illinois, og i 1843 i Shelby County i Missouri.

Frå 1850 budde Cleng Peerson i Texas, først i Dallas County og frå 1854 i Bosque County, der han døydde.

Cleng Peerson var gift to gonger, i 1807 med den meir enn 30 år eldre Ane Cathrine Sælinger, og i 1848 med den 26 år yngre Maria Dahlgren. Sjølv om han samarbeidde med kvekarane var han aldri medlem av deira kyrkjesamfunn. Seinare i livet var han laust knytt til eit svensk kristen-kommunistisk samfunn i Illinois.

Peerson kalla seg sjølv for «den norske utvandringas far». Han og dei tidlege utvandrarane er skildra i tre romanar av Alfred Hauge: Hundevakt (1961), Landkjenning (1964) og Ankerfeste (1965). I samband med 150-årsjubileet for Restauration-ferda blei Cleng Peerson avbilda på eit norsk frimerke i 1975.[2]

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 26. januar 2011 
  2. nb.no

Bakgrunnsstoff endre