Cliff Richard
Sir Cliff Richard (fødd 14. oktober 1940), fødd Harry Rodger Webb,[1] er ein engelsk låtskrivar, songar, skodespelar og entreprenør.
Cliff Richard | |||
![]() | |||
Fødd | 14. oktober 1940 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lucknow | ||
Fødenamn | Harry Rodger Webb | ||
Alias | Cliff Richard | ||
Opphav | England | ||
Aktiv | 1958- | ||
Sjanger | Rock 'n' roll/pop/gospel | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | The Shadows | ||
Plateselskap | EMI, Decca, Columbia, Epic, Rocket, Papillon | ||
Verka som | Songar og låtskrivar | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen, Silver Clef Award, kommandør av Infante Dom Henriks orden, Knight Bachelor |
Med gruppa hans The Shadows regjerte Richard den britiske popmusikken seint på 1950- og tidleg på 1960-talet, før og i løpet av dei første åra The Beatles kom inn på hitlistene. Etter han vart kristen endra musikken og imaget hans seg meir mot pop enn rock. Han klart aldri å slå skikkeleg igjennom i USA, trass i at fleire av singlane hans gjekk inn på listene der.
I løpet av seks tiår har Cliff Richard hatt mange singlar inne på listene, og er i lag med Elvis Presley den einaste artisten som har gått inn på singellista i Storbritannia i alle tiår frå 1950-åra til 2000-åra. Han er den einaste songaren som har hatt singlar på toppen av lista i alle tiår frå 1950- til 1990-åra. Richard har hatt meir enn 130 singlar, album og EPar inne på Topp 20 i Storbritannia, meir enn nokon annan.[2] Han har selt meir enn 260 millionar plater.[3]
Den musikalske karrieren til Richard starta i 1958 med platekontrakt hos EMI. Den første hitten hans var songen «Move It». Han deltok i Melodi Grand Prix to gonger, i 1968 med «Congratulations» og 1973 med «Power To All Our Friends». Han vann aldri, men «Congratulations» vart ein stor hit som framleis er mykje spelt.
I 1973 spelte Richard hovudrolla i «komihumormusikalen» Kofferten, eit samarbeid mellom Sveriges Radio, BBC, YLE og NRK. I 1976 fekk han det endelege gjennombrotet i USA med songen «Devil Woman». Tre år seinare toppa han lister i fleire land igjen med songen «We Don't Talk Anymore», som vart ein av dei største songane hans. Utover 80-talet hadde han fleire hittar. Han fekk ein grammy for beste pop-plate i Storbritannia i 1988, og året etter selde han ut Wembly-arenaen to gonger i eit gigantisk jubileumsshow. I 1999 fekk han sin siste listetopp med «The Millennium Prayer».
Eit utval kjende songar
endreNokre av dei mest kjende songane til Cliff Richard er:
- «Move It» (1959)
- «Living Doll» (1959)
- «The Young Ones» (1962)
- «Do You Want to Dance» (1962)
- «Lucky Lips» (1963)
- «Summer Holiday» (1963)
- «I Could Easily Fall» (1964)
- «Congratulations» (1968)
- «Good Times, Better Times» (1969)
- «Power To All Our Friends» (1973)
- «Miss You Nights» (1975)
- «Devil Woman» (1976)
- «We Don't Talk Anymore» (1979)
- «Dreamin'» (1980)
- «Wired For Sound» (1981)
- «Baby You're Dynamite» (1983)
- «Some People» (1987)
- «Mistletoe And Wine» (1988)
- «Stronger Than That» (1989)
- «From a Distance» (1990)
- «Saviours Day» (1990)
- «Peace In Our Time» (1993)
- «The Millennium Prayer» (1999)
- «Let Me Be the One» (2002)
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettside Arkivert 2012-11-05 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cliff Richard» frå Wikipedia på engelsk, og «Cliff Richard» frå Wikipedia på bokmål den 31. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cliffennium, Volume 1 - sir-cliff.com Arkivert 2009-05-15 ved Wayback Machine.
- ↑ Top Hits from EveryHit
- ↑ Sir Cliff Richard calls on Church to bless gay marriage. The Times. 4. september 2008.