Clinton Davisson

amerikansk fysikar
(Omdirigert frå Clinton Joseph Davisson)

Clinton Joseph Davisson (fødd 22. oktober 1881 i Bloomington i Illinois, død 1. februar 1958 i Charlottesville i Virginia) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med George Paget Thomson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]

Clinton Joseph Davisson

Clinton Davisson
Fødd22. oktober 1881
Bloomington i Illinois i USA
Død1. februar 1958 (76 år)
Charlottesville i Virginia i USA
NasjonalitetAmerikansk
OmrådeFysikk
YrkeFysikar
InstitusjonarPrinceton University
Carnegie Institute of Technology
Bell Labs
Alma materUniversity of Chicago
Princeton University
DoktorgradsrettleiarOwen Richardson
Kjend forElektronavbøying
InfluerteJoseph A. Becker
William Shockley
UtmerkingarComstockprisen (1928)
Elliott Cresson-medaljen (1931)
Hughesmedaljen (1935)
Nobelprisen i fysikk (1937)
EktefelleCharlotte Davisson
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Han vart utdanna i Chicago og Princeton, og var frå 1911 til 1917 tilsett ved Carnegie Institute of Technology, fram til 1925 i Western Electric Co. og så fram til 1946 i Bell Telephone Laboratory. Han var professor i fysikk ved University of Virginia i 1947–1949.

Davisson fann i 1921 at refleksjonsevnen for elektron frå ein krystall var sterkt avhengig av refleksjonsvinkelen, ein effekt han då ikkje kunne forklare. Etter at Louis de Broglie i 1924 hadde sett fram teorien sin om bølgjenaturen til elektronet og W. M. Elsässer hadde påpeikt at teorien kunne etterprøvast ved å studere interferensfenomen etter refleksjon av elektronstråler frå krystallgitter, fortsette Davisson saman med L. H. Germer sine tidlegare undersøkingar.

Prisar (fysikk)

endre

Kjelder

endre
  1. «Nobelprisen i fysikk 1937» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Clinton Davisson