Clodagh Simonds
Clodagh Simonds (fødd 16. mai 1953) er ein irsk musikar, låtskrivar og songar.
Clodagh Simonds | |||
Fødd | 16. mai 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Banbridge i County Down i Nord-Irland | ||
Fødenamn | Clodagh Simonds | ||
Opphav | Irland | ||
Instrument | Song, piano, klaverinstrument, harmonium | ||
Tilknytte artistar | Fovea Hex, Mellow Candle, Mike Oldfield, Steven Wilson | ||
Plateselskap | Deram, Janet Records, Die Stadt | ||
Verka som | songar, komponist, låtskrivar |
Biografi
endreBerre elleve år gammal skipa ho det første bandet sitt, Mellow Candle, med to skulevener, Alison Bools og Maria White. Dei gav ut den første singelen sin, «Feelin' High», på SNB Records i 1968, då ho var 15. Tre år seinare, med ei utvida besetning, gav Mellow Candle ut det einaste albumet sitt, Swaddling Songs, som selde dårleg. Gruppa vart oppløyst i 1973. Mellom 1972 og 1975 var ho gjest på det andre albumet til Thin Lizzy, Shades of a Blue Orphanage, og to Mike Oldfield-album: Hergest Ridge og Ommadawn, og hjelpte Oldfield med tittelen på det sistnemnde. Ho er òg med på Oldfield-albumet Amarok, den andelege oppfølgjaren til Ommadawn frå 1990. Mellom 1976 og 1986 budde ho i New York der ho arbeidde i eit band med Carter Burwell og Stephen Bray, og skreiv musikk for to musikalar på La MaMa ETC. Stundom arbeidde ho òg for Virgin Records.[1]
Diskografi
endreAlbum
endre- Mellow Candle – Swaddling Songs (Deram, 1971)
- Fovea Hex – Bloom (del 1 av Neither Speak Nor Remain Silent, Janet Records/Die Stadt, 2005)
- Fovea Hex – Huge (del 2 av Neither Speak Nor Remain Silent, Janet Records/Die Stadt, 2006)
- Fovea Hex – Allure (del 3 av Neither Speak Nor Remain Silent, Janet Records/Die Stadt, 2007)
- Fovea Hex – Here Is Where We Used To Sing, Janet Records, 2012
- Fovea Hex - The Salt Garden 1, Headphone Dust/Die Stadt, 9. mars 2016
- Fovea Hex - The Salt Garden 2, Headphone Dust/Die Stadt, June 2017
Singlar
endre- Mellow Candle – «Feelin High»/«Tea with the Sun» (SNB, 1968)
- Mellow Candle – «Dan The Wing»/«Silversong» (Deram, 1971)
- Fovea Hex & Andrew Liles – «Gone»/«Every Evening» (Die Stadt, 2007)
Utvalde gjesteframføringar
endre- Thin Lizzy – Shades of a Blue Orphanage (vokal, piano, mellotron)
- Mike Oldfield – Hergest Ridge (vokal)
- Mike Oldfield – Ommadawn (vokal, tekst)
- Mike Oldfield – Tubular Bells III (vokal)
- Jade Warrior – Kites (vokal)
- Mike Oldfield – Amarok (vokal)
- Russell Mills – Pearl + Umbra (vokal, harmonium)
- Tunnels med Percy Jones – Natural Selection (handsama vokal)
- Current 93 – Black Ships Ate The Sky (vokal, zither, psaltery)
- Matmos – For Alan Turing (vokal for Molly Malone)
- Human Greed – Black Hill: Midnight At the Blighted Star (piano)
- Steven Wilson – Insurgentes, (vokal, tekst)
- Thinguma*jigsaw – Misery Together (piano på spor: «Folkgore / Dulce Et Decorum Est Pro Pornografica Mori») (2012)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Clodagh Simonds» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mellow Candle – comprehensive history extracted from IRISH FOLK, TRAD AND BLUES – A SECRET HISTORY, arkivert frå originalen 17. februar 2020, henta 28. juni 2020