Coca-Cola

(Omdirigert frå Coca Cola)

Coca-Cola er ein mørk, kolsyrehaldig leskedrikk (cola) som vert produsert av The Coca-Cola Company i USA, skipa i 1886, eller vert produsert av andre brusfabrikkar på lisens frå dette selskapet, og av konsentrat som dette selskapet produserar etter ei oppskrift som er løynd for andre. Drikken er kjend over heile verda.

Coca-Cola i si kjende flaske.

Drikken blei funne opp av apotekaren John Pemberton som ein patentmedisin i 1886. Året etter kjøpte forretningsmannen Asa Griggs Candler oppskrifta og rettane til drikken, og byrja ei omfattande marknadsføring.

Drikken er ofte sett på som eit symbol på USA-amerikansk imperialisme.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Coca-Cola
  Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.