Cocaine
Song av JJ Cale
frå albumet Troubadour
Utgjeve September 1976
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 2:48
Selskap Mercury
Komponist JJ Cale
Tekstforfattar JJ Cale
Låtskrivar(ar) JJ Cale
Produsent Audie Ashworth
Cocaine
Singel av Eric Clapton
frå albumet Slowhand
Utgjeve November 1977
Innspelt Mai 1977
Sjanger Bluesrock
Lengd 3:41
Selskap Polydor
Komponist JJ Cale
Tekstforfattar JJ Cale
Låtskrivar(ar) JJ Cale
Produsent Glyn Johns

«Cocaine» er ein song skriven og innspelt av JJ Cale i 1976 og er mest kjend med ein versjon spelt inn av Eric Clapton. Allmusic kalla den sistnemnde av dei mest varige hittane til Clapton og skriv at «sjølv for ein artist som Clapton med så mange songar av høg kvalitet, så ragar 'Cocaine' blant hans aller beste.»[1]

Glyn Johns, som tidlegare hadde arbeidd med The Who, Led Zeppelin og The Rolling Stones, produserte innspelinga til Clapton, som kom ut i 1977 på albumet Slowhand og som singel i 1980. «Cocaine» nådde aldri singellista i USA, bortsett frå som B-side til «Lay Down Sally», som nådde tredjeplassen i 1978. «Cocaine» var ein av fleire Cale-songar som Clapton spelte inn, i lag med «After Midnight» og «Travelin' Light».

Meldinga i songen endre

Eric Clapton skildrar «Cocaine» som «ein anti-dopsong. Fansen høyrer berre på refrenget: «She don’t lie, she don’t lie, she don't lie, cocaine.» Men han seier «If you wanna get down, down on the ground, cocaine.»[2] Songen inneheld òg tekstlinja «Don't forget this fact, you can't get it back».[3]

«Det er ikkje ein god ide å openlyst skriven ein anti-dopsong og håpe at han vil slå an. Fordi generelt vil folk bli opprørt av det. Det vil opprøre dei når nokon andre pressar noko ned halsen på dei. Så det beste å gjere er å gje dei noko som verkar fleirtydig—at om ein ser etter eller tenkjer etter så kan ein faktisk sjå at han er ‘anti’—som songen «Cocaine» som faktisk er ein anti-kokain-song. Om du ser etter så høyrest det berre ut som ein song om kokain. Men i røynda er det ein ganske smart anti-kokain-song.»

På grunn av den fleirtydige meldinga, spelte ikkje Clapton songen på mange av konsertane sine, men har i løpet av åra lagt til teksten «that dirty cocaine» på konsertane for å understreke at det er ein anti-dopsong.[4][5]

Andre versjonar endre

Det skotske rockebandet Nazareth spelte songen på The Fool Circle og Snaz. Gitarist Andy Taylor frå Duran Duran spelte inn songen i 1990 på soloalbumet Dangerous. I 2008 lånte countrysongaren Gretchen Wilson melodien frå slutten av refrenget («she don't lie, she don't lie, she don't lie») for songen hennar «Work Hard, Play Harder». Hardrockbandet Black Robot spelte songen i 2010 på albumet med same namn.

Kjelder endre

  1. Song Review of Clapton's cover of "Cocaine" av Allmusic
  2. Stern, Tyskland, 1998
  3. J J Cale Gitar Styles and how to play them | J J Cale / Columbia Pictures Publications, 1980
  4. «Eric Clapton Rethinks Playing'Cocaine'». FOX News. October 3, 2006. Henta 14. mars 2011. 
  5. «Eric Clapton rethinks playing 'Cocaine'». Historyofalcoholanddrugs.typepad.com. October 5, 2006. Henta 14. mars 2011.