Cogito ergo sum (latin), på norsk eg tenkjer, altså er eg, er den filosofiske grunnsetninga til René Descartes.[1] Frasen vart først brukt på fransk i Discours de la Methode (1637), og på latin i Principia philosophiae (1647).

René Descartes

Descartes sitt utgangspunkt var å tvila på absolutt alt, men at det ikkje er rasjonelt å tvila på sin eigen eksistens medan ein tvilar. Descartes meinte at dersom ein demon freista å få ein til å tenkja at ein eksisterer, så må ein eksistera for å kunna lurast av demonen. Utsegna må altså vera sann.[2]

Dubito, ergo cogito, ergo sum, eg tvilar, difor tenkjer eg, difor er eg, er ei anna form, skriven av Antoine Léonard Thomas i eit essay om Descartes i 1765.

Descartes meinte at alt som er medvites eksistens naudsynlegvis må eksistera, og at vi, uavhengig av sansane kan slutta at Gud må eksistera.[3] Dersom Gud ikkje bedreg sansane våra må den skapte og objektive verda eksistera, og innførte den «cartesiske dualismen», eit skilje mellom ånd og materie, og subjekt og objekt.[4]

Kritikk endre

Søren Kierkegaard var kritisk til eg-et i «cogito ergo sum». X tenkjer, og sjølv om eg er X, kan tenkinga gjort av X skiljast frå eksistensen min. Descartes føreset, i følgje Kierkegaard, at det er eg-et som gjer tenking, og at «cogito ergo sum» vert ein type sirkelagrument.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Cogito, ergo sum, snl.no
  2. https://www.britannica.com/topic/cogito-ergo-sum
  3. Descartes' Ontological Argument
  4. René Descartes, filosofi.no

Bakgrunnsstoff endre