Coigach
Coigach (skotsk-gælisk A' Chòigeach) er ei halvøy nord for Ullapool i Wester Ross i Northwest Highlands i Skottland. Ho grensar til Assynt lenger nord.
Området er kjent for vakker natur med høge fjell og fleire innsjøar. Den høgaste toppen er Ben More Coigach på 743 meter over havet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coigach» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2011.