Colemanitt
Colemanitt er eit kvitt eller fargelaust mineral, eit vasshaldig kalsiumborat, CaB3O4(OH)3·H2O. Det finst mellom anna i California saman med boraks og andre borat. Det vart først skildra i 1884 etter ein førekomst i Furnace Creek i Death Valley og er kalla opp etter William Tell Colemann (1824–93), ein amerikansk forretningsmann innan boraksindustrien.
Colemanitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Inoborat | ||
Kjemisk formel | CaB3O4(OH)3·H2O | ||
Strunz-klassifisering | 06.CB.10 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m | ||
Einingscelle | a = 8.712(2) Å, b = 11.247(3) Å, c = 6.091(1) Å; β = 110.12°; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit, gulaktig, grå | ||
Krystallform | Massiv korna til grovt krystalllinsk, vanlegvis kuleforma. | ||
Krystallsystem | Monoklin - prismatisk | ||
Kløyv | [010] perfekt, [001] tydeleg | ||
Brot | Sprø ujamn til undermuslig | ||
Mohs hardleiksskala | 4.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.42 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.586 nβ = 1.592 nγ = 1.614 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.028 | ||
Smeltbarheit | 1.5 | ||
Kjenneteikn | Flaker av ved oppvarming, produserer ein grøn flamme | ||
Andre eigenskapar | Lys bleik gul fluorescens, kan fosforescere bleik grøn; pyroelektrisk og piezoelektrisk ved særs låge temperaturar. | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Kjelder
endre- Colemanitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/colemanitt.
- ↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr.; 1985, Manual of Mineralogy, Wiley, 20th ed., p. 347 ISBN 0-471-80580-7
- ↑ http://www.mindat.org/min-1108.html Mindat
- ↑ http://webmineral.com/data/Colemanite.shtml Webmineral
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/colemanite.pdf Handbook of Mineralogy